Reidar Sigfred Vetaas var nær 99 år gamal då dette intervjuopptaket vart gjort, i april 2024. Det handlar i stor grad om minne frå åra på Ny-Krohnborg skule, der han var elev frå 1936 til 1939. Men det handlar også om barndomsminne under krigen, læretid og studiereiser i boktrykkarfaget. Intervjuet var ein del av prosjekt Ny-Krohnborg 100. Intervjuar var Bjørn Enes frå Memoar. Reidar døde i heimen sin 26. august 2024.