Gruppeintervju

Tirsdag 18. januar 2022 stilte dei fire ingeniørane Tore Michalsen, Hans Peter Jæger, Øystein Strømnes og Arve Oxas til ein industrihistorisk samtale på Helgeland Museum. Dei kom alle til Jernverket rundt 1970, og var med både på høgdepunktet av den gammelindustrielle gullalderen på 70-talet - og dei dramatiske omstillingsåra på 1980- og 90tal. Intervjuar var Bjørn Enes. 13 medlemmer av Rana Historielag og tre tilsette ved Helgeland Museum var også til stade. Opptaket er sperra med passord fram til deltakarane har gitt sine samtykke til at det kan publiserast.

Neste trinn:

Opptaket skal nå loggast - det vil seie at det skal lagast eit stikkordsmessig oversyn med tidskodar (minutt og sekund frå start) over innhaldet i opptaket. Det skal også lagast eit tekstsamandrag. Medlemmer av Rana Historielag eller andre som kan tenkje seg å bidra til dette, kan finne informasjon om korleis det skal gjerast under menypunktet Minnesamling / dokumentasjon . Det går også an å leige hjelp til dokumentasjonsarbeidet - sjå produksjon.memoar.no