Romani / tater
Samarbeidet mellom Memoar, Glomdalsmuseet og romani/taterfolket sine organisasjonar starta i oktober 2018, i samband med prosjektet "Krafttak for munnleg historie".
13. og 14. oktober 2018 blei det gjort i alt sju intervjuoptak om levd liv som tater/romani i Noreg. Det vart også gjennomført eit kurs i intervjuopptak og -redigering.
I løpet av månadane fram til november året etter, er det meste av etterarbeidet gjort på frivillig basis av medlemmer av Memoar. Alle intervjua er nå ferdig redigerte og klare for å bli avlevert til Norsk Folkemionnesamling, der dei vil bli tilgjengelege for forsking. Dei fleste av intervjua er også ferdig dokumenterte med ein intervjulogg.
Dersom forteljarane samtykker til det, vil passorda på videoane bli fjerna slik at dei også blir publiserte. Det vil i så fall skje både her og på nettside www.minner.no.
Memoar vil gjerne halda fram samarbeid om å samla inn, dokumentera, avlevera og publisera munnleg historie frå og om levd liv som tater/romani. Det er ein viktig del av norsk og europeisk historie!