Per Gustav Steimler

Publiseringsdato: 06.okt.2019 08:29:53

Per Gustav Steimler reiste ut alt som 15-åring, i sommarjobb på Hurtigruten, året etter, juni 1962 reiste han for godt. Han skofta dei tre siste dagane av ungdomsskulen for å kome med MS "Estrella" (10.000 tdw) som gjekk i linjetrafikk for Bergenske Dampskipsselskap på SørAmerika. Fyrste turen hans var 22 mnd lang - han rakk å gå gradene frå dekksgutt via jungmann til lettmatros før han kom heim på tre vekers ferie våren 1964. Neste tur vart 14 mnd lang - og då hadde han akkurat fartstid nok til å begynne på Styrmannsskolen, berre 19 år gammal. I dag er han pensjonist på papiret - men i praksis skadestadsleiar og konsulent innan oljevern. Kort fortald handla intervjuet om: Kvofor han valde sjøen, Fyrstereisa med MS Estrella i linjefart på SørAmerika, Miljøet ombord, Krigsseglarane, Rio, Santos og Buenos Aires, om å kome heim, passasjer- og cruisefart bulk og linjefart , rasjonalseringane på 70-talet, statusen til sjømannsyrket, Minneopptaket med han vart gjort på Bergen Sjøfartsmuseum sundag 18. oktober 2015, med publikum til stade. Intervjuar var Bjørn Enes.