Per Gustav Steimler - Del 2

Publiseringsdato: 27.okt.2019 08:52:17

I oktober 2015 fortalde Per Gustav Steimler om sitt liv i handelsflåten, frå fyrstereisa i 1962 til han gjekk over til forsyningsskip i Nordsjøen i 1976. I dette opptaket frå januar 2017 held han fram derifrå.

Han fortel om pionertida i Nordsjøen, dei fyrste supplybåtane, problem med amerikanske båtar og utstyr som var utvikla for Mexicogulfen - og amerikansk organisasjons- og leiingskultur - og miljøet i Aberdeen på 1970- og tidleg 80tal.

Eit lite utdrag:

Han karakteriserer båttypen UT 704 som eit vendepunkt, ikkje berre når det handla om skipskonstruksjonar, men generelt når det gjeld utvikling av utstyr for tilhøva i Nordsjøen. Nyssgjerrig på alt dette nye som kom, vart han ein av dei tidlege brukarane - mellom anna av utstyr for dynamisk posisjonering, heilt frå det var basert på loddline til fast punkt på botnen til det etter kvart vart basert på satelittar og GPS.

Han fortel om tøffe strider, mellom anna kampen for påbod om hydrauliske pelikankrokar i hekken på alle forsyningskip. Han reflekterer om sikkerhetskulturen, og meiner at den fyrst og fremst har røter i godt sjømannskap: "HMS er sjømannskap og sunn fornuft sett i system". Etter kvart kom oljeselskap etter, og i starten var mange av prosedyrane svært nyttige. Han nemner særskilt "Sikker jobbanalyse" (SJA). Men han er kritisk til den siste utviklinga - i dag er prosedyreverket prega at at HMS er blitt eit yrke i seg sjølv. Det bygger ikkje lenger på godt sjømannskap og sunn fornuft. Det kan bli farleg, dersom respekten for HMSprosedyrane vert undergrave, meiner han.

Han fortel om krisa i 1987, som vart dramatisk for hans del: Båten hans - UDI Rimfonn (ex Balder Davis) - vart tatt i arrest i Aberdeen og seinare seld på tvangsauksjon. Han bestemnte seg då for å gå i land, og sat ei tid og fraus i ei hytte på nordsida av Osterfjorden mellom skift som maritim transportkoordinator på Mongstad. Men så vart han henta inn til jobb som maritim inspektør i Hydro, med ansvar for flytting av boreriggar. Dermed bar det for ein stor del til sjøs att - men utan vaktplanar.

"Eg har aldri sett deg så lite som etter at du fekk jobb i land.." sa kona. Steimler tok imot eit godt tilbod om sluttpakke då Hydro og Statoil fusjonerte i 2007. Etter det har han drive sitt eige konsulentfirma innan oljevern.

Opptaket vart gjort i Studio 1 i Bergen Bibliotek den 17. januar 2017. Intervjuar var Bjørn Enes

Stikkord om innhaldet i intervjuet:

(Tala til venstre er tidskodar - minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare.

Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa:

https://vimeo.com/236489606#t=1m26s )

Hent utskriftsvenleg stikkordsliste her

Forteljinga er også publisert på www.Minner.no: