Varanger

Varanger er ei nettside under utvikling hausten 2018. Den er laga av Memoar, norsk organisasjon for munnleg historie, i etterkant av eit seminar og ein praktisk arbeidsdag med munnleg historie i Varanger. Sjå meir om akkurat det på prosjektsida Krafttak.Memoar.no/Varanger.

Saman med historielag og musé og alle andre interesserte i Varanger, ynskjer Memoar å støtta opp under arbeidet for å samla inn. dokumentera, arkivera og formidla unnleg kjeldemateriale om historia i manns minne i Varanger. Norsk etnologisk gransking og Folkeminnesamlinga er også viktige samarbeidspartnarar i dette.

Vuonnamárkanat marknaden som var i Varangerbotn den 1. septemberi år (2018) er den neste videoen som kjem på denne sida. Line Esborg (Memoar / Folkeminnesamlinga) og Bjørn Enes (Memoar) laga ein reportasje som er under arbeid nå. Meir kjem!

Bli med på dugnaden:

Memoar vil gjerne ha kontakt med enkeltpersonar, historielag, kulturminneforeningar, musé og andre som delar interessa for å ta vare på munnleg historie og forteljartradisjonane i Varanger.

Send gjerne ein epost til post@memoar.no !