Di livshistorie er eit viktig dokument- både for di eiga etterslekt og for storsamfunnet. Delte forteljingar og erfaringar frå levd liv er kulturarv. Del di historie!
Hovudprosjekt i utvandraråret:
Di livshistorie er eit viktig dokument- både for di eiga etterslekt og for storsamfunnet. Delte forteljingar og erfaringar frå levd liv er kulturarv. Del di historie!
Høyr og sjå livsminne og -erfaringar frå folk over heile landet. Bruk søkefeltet øvst til høgre på sida til å finne navn, stader, tema. Eller bruk sidekartet. Og: Bli gjerne med på dugnaden!
(Bildet er frå forteljarkveld i Stongfjorden, Askvoll, under prosjekt Vestlandsminne i oktober 2023)
Det skal bygge vidare på minneinnsamlingane i 1964, 1981 og 1996, men hovudformatet denne gong blir munnleg historie i form av livsminneintervju, og samlingane skal som hovudregel bli tilgjengelege for alle interesserte (ikkje berre forskarar). Du kan fylgje arbeidet med å bygge opp prosjektet her..
Utvandringsjubiléet "Crossings 200" er ein av to store markeringar i år: Den 4. juli var det to hundre år sidan den 16 meter lange sluppen "Restaurationen" la ut frå Stavanger - og dermed var den organiserte utvandringa frå Noreg i gang. Det store minnesamlingsprosjektet "Migrasjonsminne" har gjennom året bygd eit immaterielt kulturminne av personlege og slektshistoriske forteljingar om korleis migrasjonshistoria har påvirka norsk historie på mikronivå. Prosjektet er eit samarbeid mellom Memoar, Landslaget for lokalhistorie, Slekt og data, Tamil Diaspora Arkiv og Rådet for mangfold og integrering. Grunnfinansieringa kjem frå Sparebankstiftelsen DNB.
Hovedtema for neste Memoarkonferanse blir munnleg historie om migrasjon. Programmeringa av konferansen er i full gang. For fyrste gong blir konferansen arrangert utanfor Bergen - ny samarbeidspartnar blir Deichman Tøyen i Oslo. Sjå meir - og fylgj programmeringsarbeidet på www.memoarkonferansen.no
Utviklinga av prosjekt Migrasjonsminne har vore svært interessant både som bygging av eit immaterielt kulturminne og som eit skritt på vegen til ei sterkare "institusjonalisering" av munnleg historie i Noreg. Siste fase av prosjektet handlar i stor grad om å avlevere innsamla materiale til langtidsarkivering, tilgjengeleggjering gjennom LokalhistorieWiki og initiativ til bruk av materrialet. Dette blir også ein del av konferansen.
Neste konferanse bli i fyrste kvartal 2026. Sjå meir om førebuingane på nettsida
Enkelperson: kr. 350/år
Organisasjon: 500/år
Kurs - Konferanse - Webinar Infrastruktur for minnesamling
Bli med å bygge opp munnleg historie som fag og kultursjanger i Noreg!