Eli Karin Eustice

Publiseringsdato: 04.okt.2019 12:40:36

Eli Karin Eustice mista far sin alt då ho var fem månader gamal. Han var ein av dei fyrste krigsseglarane som omkom under torpedering, den 1. desember 1939 då DS Arcturus tilhøyrande Bergenske Damskipsselskap, vart senka av ein tysk ubåt utanfor Peterhead. Familien budde i Sandvikseien. Mor måtte nå aleine livberge seg sjølv og to døtre. I 1942 måtte dei flytte til eit rom med ei sovealkove og eit lite kjøkken i Nykirkegården på Nordnes. Det var det nederste huset - det sto på pålar i sjøen. Om morgonen den 20. februar 1944 låg der ein båt på den andre sida av Vågen. Dei hadde problem ombord, dei kunne sjå røyk. Mor trekte vesle Eli fram føre vindauget så ho kunne fylgja med på kva som hende medan ho kledde på dottera. Då kom eksplosjonen på Vågen. I denne fyrste delen av intervjuet fortel Eli om kva som hende denne fryktelege dagen og året som fylgde, då ho og systera vart evakuerte til Førde og Sandane. Ho fortel fram til den dagen ho fekk koma heim att til mor.

Resten av intervjuet (Del 2) kjem så snart Memoar har fått kapasitet til å klargjera det for publisering. Frivillige som kan tenkja seg å hjelpa til med det kan ta kontakt med post@memoar.no

Stikkord om innhaldet i intervjuet:

(Tala til venstre er tidskodar - minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare.

Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa:

https://vimeo.com/297809198#t=1m15s)