Synnøve Rasmussen

Publiseringsdato: 29.sep.2019 09:16:38

Synnøve Rasmussen vart fødd på Nygård, men hadde heile oppveksten, ungdomsår og store deler av vaksenlivet på Møhlenpris. "Men me budde berre i ei gate," fortel ho mellom mykje anna. Ho var sjeldan utanfor Welhavensgate, og nesten aldri i andre bydeler. Ho fortel om faren som vart arbeidslaus på grunn av jødeforfylgjingane, kom på tvangsarbeid på tyskarane sin ubåtbunker og kom heim med vakre ting laga av russiske fangar som han arbeidde saman med. Ho fortel om skulegangen under krigen, leikane, butikkane, alt det eventyrlege som hende på idrettsbanen - ikkje minst Sonja Henie og Norma Balean - om forskjellar mellom folk, om språket og oppdragarsyn og om fine damer på Møhlenpris.

Intervjuar er Ada Freng. Opptaket er gjort i Studio 1 i Bergen Bibliotek den 23. august 2016.

Direkte nettadresse til hennar side er http://synnove.rasmussen.memoar.no

Stikkord for innhaldet i intervjuet: (Tal-kodene er tid frå start - timar:minutt:sekund:hundredelar)