immaterielle-bydelar

Dette er eit av dei høgast prioriterte prosjekta til Memoar i Bergen hausten 2023. På medlemsmøtet 22. august kjem vi til å invitere nye frivillige til å engasjere seg i utvikling av dette arbeidet! 

Mandag 18. september: Det usynlege Bergen

I tillegg til Bergens geografiske bydelar, har vi også ei rekke "immaterielle bydelar" . Då vi fyrst annonserte dette møtet var planen å fokusere på ein av dei - "Det gambiske Bergen".

Nå viser det seg at akkurat det arrangementet må utsetjast på grunn av møtekollisjonar for fleire av deltakarane. Men vi avlyser ikkje. I staden inviterar Memoar til ein meir generell diskusjon om sjølve idéen bak arrangementsrekka med arbeidstittel "Immaterielle bydelar":

- Korleis kan vi lage arrangement som bidrar til å utvide "Det store vi" gjennom forteljingar om levd liv og munnleg historie frå dei "usynlege" bydelane våre - som for eksempel "Det gambiske Beergen"?

Tidlegare har vi også hatt arrangement om "Det tamilske Bergen" og "Det skeive Bergen" - medan "Tiger-Bergen" handla om dei psykisk utviklingshemma sin sub-kultur.

Mangfald gjer byen rik - men føresetnaden for at vi kan nyttigjere oss denne rikdomen, er at vi kjenner kvarandre. Det er idéen.

Korleis kan vi få det til? Og kan vi fleire med på å setje idéen ut i livet? Det blir tema for denne kvelden i Berekraftslabben. Kom å gi ditt bidrag - enten du berre har tankar om det, eller om du vil vere med i arbeidet!


Bakgrunn:

Gjennom prosjektet “Det store vi” har Memoar utvikla sitt samarbeidsnettverk med organisasjonar, enkeltpersoner og miljø innan ulike innvandrar- og minoritetsgrupper i Bergen. Vi har opplevd at uttrykket “immaterielle bydelar” fenger: Fleire diasporaer i Bergen kan identifisere seg med det - og det er dette som har gitt idéen til eit prosjekt med dette namnet. Det såg vi mellom anna i samband med arrangementsrekka “Det store vi” der Memoar og Det Vestnorske Teateret gjennomførte ein serie samtalearrangement om og med ulike minoritetsgrupper. (f.eks. “Det ukrainske Bergen”, “Det tamilske Bergen”, “Det skeive Bergen”  m.fl.) 

Veldig ofte får personar som blir intervjua eit “løft” av å fortelje si historie, og veldig ofte smittar dette over på nærståande, kollegaer og venekrins. I dei “immaterielle bydelane” er denne effekten ekstra tydeleg. Det gir folk eit positivt element å legge til sin eigen identitet - samtidig som svært mange i majoritetsbefolkinga reagerar positivt på denne nyanseringa av Bergens og bergensarane sin identitet. 


Målsetjing: 

Gjennom å synleggjere ulike diasporaer sine bidrag til byens kollektive identitet, ynskjer vi både å skape interesse for dei “immaterielle bydelane” i lokalsamfunnet, og skape entusiasme i diasporaane for å dele forteljingane sine.

Målgrupper:

Vi vil gjerne bygge vidare på det innleiande samarbeidet vi har hatt med den tamilske, den gambiske, den ukrainske og den somaliske diasporaen i Bergen. I løpet av 2023 og 2024 vil vi prioritere arbeidet med ein afrikansk, ein asiatisk, ein amerikansk og ein europeisk diaspora. I utgangspunktet tenkjer vi å føre samarbeidet med den gambiske diasporaen fram til arrangement, og deretter etablere og gjennomføre prosessen saman med den pakistanske, den chilenske og den polske diasporaen.


Geografisk område:

Rett nok finst det tendensar til at diasporaer lever samla - det er ikkje utan grunn at Fyllingsdaslen blir kalla “Chillingsdalen” i godt lag. Men for dei fleste diasporaane i Bergen så finst det ingen “ghetto”. Derfor må dette prosjektet vere byomfattande. Innføringa av omgrepet “immaterielle bydelar” understrekar også at dette i større grad handlar om den immaterielle kulturen enn den fysiske.

Gjennomføring:

Gjennom nevnte tidlegare erfaringar, har vi utvikla ein metodikk som kort kan oppsummerast slik:

      Innleiande intervju med ressurspersonar i miljøet/diasporaen.

      Lansering av idéen om eit arrangement i samarbeid med Det Vestnorske Teateret eller Bergen off. Bibliotek.

      Kursing av minnesamlarar i diasporaen i samarbeid med Mangfaldsredaksjonen.

      Rettleiing av minnesamlarar i intervjuarbeid og produksjon av stubbar til publisering.

      Profesjonelle intervju som førebuing av talkshow/forteljarpanel på arrangementet.

      Publisering av bakgrunnsstoff om den immaterielle bydelen, med stubbar, tekstar og vidare vising til arkiv av publiserte livshistorieforteljingar.

      Førebuing av arrangement (planlegging av talkshow/forteljarpanel, planlegging av øvrige kulturinnslag og/eller kunstnariske bidrag.

      Gjennomføring av arrangement.

      Oppfylgjing av minnesamlarane for å sikre vidare arbeid.

Prosjektet blir organisert gjennom Memoars lokallag i Bergen, med Sebastian Kvamsedal Kaasa eller Mariela Drejer Norheim som prosjektleiar, avhengig av  korleis den samla prosjektporteføljen ser ut når vi kjem fram til hausten.

Frå “Det tamilske Bergen” i Vestnorske Teater.

Tidsplan:

Denne metodikken ynskjer vi som sagt å bruke saman med organisasjonar og enkeltpersonar i fylgjande grupper i 2023 og 2024:

Vi vil gjennomføre minst eit kurs i samarbeid med Mangfaldsredaksjonen i sept - okt 2023.

Samarbeid:

Ein nær samarbeidspartnar i dette arbeidet vil bli Det Vestlandske Innvandrarrådet. Bergen Internasjonale Kultursenter vil også vere involvert gjennom Mangfaldsredaksjonen. Så har vi etablert eit godt samarbeid med ei kjerne av ressurspersonar i det gambiske miljøet og Den gambiske organisasjon Hordaland. Kontakten med det pakistanske miljøet i Bergen har vakse fram som ein “spin-off” frå det vellukka samarbeidet med Pakistansk Kulturforening i Skedsmo (prsojekt “Mat og meg” 2022), og vi reknar med å invitere Pakistansk Velforening også til formelt samarbeid. Også i den chilenske og polske diasporaen er kontakten etablert gjennom uformelle grupper - noko som etter vår erfaring er den beste starten.

Resultat:

Den tamilske ressurspersonen Dhayalan.Velauthapillai sa under arrangementet “Det tamilske Bergen” i det Vestnorske at: “Det viktigaste vi kan gi de unge, er å gjere dei stolte av bakgrunnen sin.”  Vi har tru på at dette er nøkkelen både til god integrering og til eit raust og nyanserikt g levande lokalsamfunn i Bergen. Og vi har sett at dette virkar.

Det er også eit spennande felt der kommunikasjonen mellom generasjonane innan diasporaen blir styrka, samtidig som at både vaksne, born og unge med innvandrerbakgrunn får styrka si kjensle at tilhøyr til lokalsamfunnet gjennom å bli lytta til. Eit veldig godt døme er her dansekunstnaren Nichola G. Stephen, også ho med tamilsk bakgrunn. Ho underviser i og opptrer med tamilsk dans, og er ein etterspurd kunstnar, også i miljø som “berre” oppfattar henne som ein dyktig bergensar. Noko som igjen gjer dei som delar hennar bakgrunn stolte. Slik vert det etablert stadig nye møteplassar og samarbeid mellom ulike grupper i lokalsamfunnet.