Prosjekt "Migrasjonsminne" startar etter planen i juni 2024

Vi håpar på hovudfinansiering frå Sprebankstiftelsen DNB, og at avklaringa kjem i løpet av mai eller juni. Får vi det vi har søkt om, blir dette eit stort prosjekt. Får vi det ikkje, blir det eit lite prosjekt basert i hovudsak på frivillig innsats. Men prosjekt blir det, uansett! 

Prosjektnettsida www.migrasjonsminne.no 

blir kommunikasjonskanalen for alle som deltar i prosjketet og alle som blir interesserte i å fylgje utviklinga frå dag til dag. Der kjem vi til å lage eigne undersider for kvart enkelt delprosjekt - frå dei er ein idé til dei er gjennomførte. Der blir det også peikarar til alle publiserte intervjuopptak og anna bevaringsverdig materiale. 

Innsamla materiale blir liggande her - 

på adressa www.memoar.no/migrasjon. Vi arbeider for å få avlevere det vi håpar skal bli ei stor samling munnlege migrasjonsminne til ein offentleg arkivinstitusjone. Fram til det er avlevert, blir alt liggande på Memoar. Kvar person som veljer å dele sine minne med andre interesserte, får si eiga personside her. Adressa blir: www.memoar.no/migrasjon/fornamn-etternamn

Bruk søkefeltet 

Leitar du etter konkrete personar eller stader, kan det vere klokt å bruke søkefetet oppe til høgre.   

Migrasjonsminne-Prosjektskildring.pdf