Kjell Haugan

Kjell Haugan er kjend både som revyartist og næringslivsgründer. I dette intervjuet fortel han fyrst om Kortnebbgåsfestivalen i heimmbygda Beitstad: I løpet av hans levetid har bygda blitt invadert av svære gåseflokkar kvar vår. Det er katastrofe for landbruket - men i staden for å hate gåsa, samla bygdefolket seg rundt ideen om ein festival som dei kalte "Kortnebbgåsas ve og vel".

Med relativt få års unntak har han budd i Beitstad heile livet. I gutedagane var det fotballen som tok mest plass - og eit av dei sterkaste minnene er då laget fekk støtte frå Dagbladet for å kunne reise til Norway Cup i 1964. Den største sigeren var ikkje på banen - det var at dei fekk kjøpe øl på restaurant, sjølv om dei var for unge: "Vi kjem heilt frå Trøndelag - kan itj vi få kjøpt berre ei øl?"

Musikk var den andre store interessa - og revy. Det har han halde på med heile livet.

Han tok økonomiutdanning på Skatteetatskulen i Oslo, og gjekk rett inn i jobb på likningskontoret i Steinkjer. Men i 1985 vart han "headhunta" til Fosdalen Bergverksaktieslskap, og dermed tok hans historie i gruvevbygda Malm til. Han gir ei interessant skildring av bygda og klassetilhøva der - der funksjonærane budde i "Latterlia" og arbeidarane budde i "Korea" på den andre dalsida.

Då gruva blei slått konkurs i 1989 hadde han avansert til økonomisjef. Han blei med over i verkstadavdelinga som heldt fram med produksjon av bakstykker til tunellboremaskinar fram til til 1997.

Han skildrar nedlegginga av gruva som ein kollektiv sorgprosess, som skapte sterk bitterhet i Malm. Dette hadde sett Evy Kasseth Røsten på tanken om eit teaterprosjekt om dramaet. Tanken breidde om seg, og Kjell Haugan blei henta inn i prosjektet då det var kome eit godt stykke på veg. Han fortel ein svært interessant kortversjon om si oppleving av den historia som endte med Malm Gruveteater og spelet "Eplene i messehagen" som har vore sett opp annakvart år sidan 2008.

"No tpørs æ sei at æ kjem frå Malm att!" skal ha vore ein av kommentarane etter den fyrste premieren.

Parallelt med Gruveteateret, Kortnebbgåsfestivalen og svært mange andre kulturaktivitetar, har Haugan mykje å fortelje om næringslivshistoria i Nord-Trøndelag. "Få har investert så mykje, tent så mykje - og tapt så mykje som eg!" Seier han. Blant suksesshistoriane er innleige av polske arbeidarar til industrien. Blant tapsprosjekta fortel han om vatnfabrikken som blei ein veritabel bom.

Intervjuet blei gjort på Egge Museum 23. september 2020. Intervjuar var Bjørn Enes. Kjell Haugan gav sitt samtykke til publisering 5/11 2020.