Berekraftshistorier 2023
Berekraft - samtidsdokumentasjon av ein endringsprosess;
Då prosjekt Berekraft 2023 vart planlagd, var norske media media fulle av sjokkerande forteljingar om “Hans”. Dei vart i lita grad registrerte utanfor Noreg - for der rasa “Idalia”. To personaliserte uvér som var med på å innprente kor viktig det er for menneskeslekta å omstille levemåtane sine til berekraftige måtar.
Det har vore og det er strid. Både om problemet faktisk finst - i lang tid har politiske karrierer blitt bygde på fornekting av at klimaendringane er menneskeskapte. Men også om løysingane. Enten det handlar om å bygge ut fornybare energiressursar eller redusere inntaket av raudt kjøt - så er protestane minst like høge som protestane mot at ingenting blir gjort.
Og i tusen heimar går diskusjonane om små endringar: Det evige “om eg skulle gløymer ein lite plastpose i skogen har vel ingenting å seie i global samanheng…..”
Brytingstid:
Slik er den brytingstida vi lever i. Og det er ikkje lenger brytingar som handlar om langsiktige perspektiv. Omstillingane hastar - pessimistane trur at om det ikkje lukkast, så er vi ved slutten av historia.
Optimistane trur det skal gå. At menneskeslekta kjem styrka ut, med ny kunnskap, ny klokskap, ny teknologi. Og nye levemåtar.
Uansett: Om hundre år vil andre problem og andre perspektiv ha tatt over. Folk vil bruke historier om dagen i dag som bevis på det dei meiner er klokt eller dumt.
Bør dei ikkje då ha god dokumentasjon å bygge på? Bør dei ikkje få konkret innblikk i korelis folk i kriseåret 2023 faktisk tenkte og handla - forklart med deira (våre) eigne ord?
Intervjuserie:
Det er bakgrunnen for den innsamlinga av munnleg kjeldemateriale som Memoar ynskjer å setje i gang hausten 2023 og vårhalvåret 2024. Vi ynskjer å gjennomføre 20 djupintervju med personar i bysamfunn som er engasjerte i berekraftsspørsmål, og 20 djupintervju med personar frå disktrikts- og primærnæringsmiljø.
I tillegg ynskjer vi å prøve ut ein ny måte å samle munnleg historie på: Gjennom å oppmode folk til å kommentere bilde av klima- og berekraftsmotiv og -historikk i samarbeid med det nye sosiale mediet Pixstori, som er utvikla av fagpersonar i amerikanske Oral History Association.
Tidlegare berekraftsprosjekt:
I 2021 gjennomførte Memoar, Aldringsfestivalen og Fremtenkt et samarbeid om berekraftshistorier. Les meir
Internasjonalt samarbeid:
Dette prosjektet er del av eit internasjonalt samarbeid som er intiert av britiske Oral History Society (ohs.org.uk). Prosjektet heiter “An oral history of the transition Movement”. Prosjektet er i ei tidleg fase, men så langt er det arbeid i gang i Wellington UK, Toulouse FR, Boston USA og Bergen NO. Alle delprosjekta vil gå fram på omlag same måte.
For vår del ser den konkrete planen slik ut;
November -23: Kurs i innsamling av munnleg kjeldemateriale. (Etikk, samtykke, munnleg historie intervju-teknikk, lyd/lys/kamera, opplasting til arbeidsarkiv)
November 23 - mars 24: Minst 12 intervju - vår plan er 10 intervju frå bymiljø i Bergen og ca 10 intervju frå distrikts/primærnæringsmiljø - i Nordhordland. I forkant av intervju vil det bli laga samtykkeavtalar med alle intervjuobjekt.
Samtidig vil vi gjennomføre eit eksperiment med det nye mediet PixStori som er utvikla av munnleg historikarar i USA. Det vil gå ut på å publisere ei billedsamling om klima og bærekraft, og be om munnlege forteljingar/kommentarar til bildene gjennom Pixstori. (Dette har vi ikkje forsøkt tidlegare, så vi er usikre på resultatet. Men det vil ikkje ha avgjerande innverknad på heilskapen i prosjektet)
April 2024: Nytt kurs og dugnadsarbeid om dokumentasjon av det innsamla materialet (redigering, logging, presentasjonstekst og klargjering for publisering) . Innhenting av samtykke til publisering i norsk nettutstilling og i internasjonal nettutstilling.
Mai 2024: Formidling i form av publikumsarrangement med forteljarpanel.
August 2024: Nettutstilling med utdrag av intervjumaterialet, opptak av forteljarpanelet og utval av kommentarane til billedserien.
Avlevering av utstillinga til internasjonal fellesutstilling.
Organisering:
Prosjektleiar vi vere Kristine Fjordheim.
Fagleg rettleiar og prosjektleiarassistent vil vere Bjørn Enes.
Vi vil trekke inn historikar Sebastian Kvamsdal Kaasa som fagleg støttespelar og instruktør - og i september/oktober arbeider vi for å rekruttere ei gruppe på minst fire frivillige som kan vere med å gjennomføre intervju og etterarbeid.
Finansiering:
Så langt har vi ingen pengar i dette prosjektet. Vi har søkt Bergen Kommune og Vestland Fylkeskommune om litt midler til utstyrsleige, reiser, annonsering, kompensering av utgrifter for frivlillge og litt frikjøp av arbeidstid.
Lyst å bli med? Ta kontakt med berekraft@memoar.org