Introduksjonskurs om munnleg historie tidleg i 2022

Memoar og Gimsøy Historielag inviterar historielagsmedlemmer og andre interesserte i Lofoten og Vesterålen til introduksjonskurs om munnleg historie på Gimsøy. Dei planlagte datoane 10 og 11 januar er avlyste - nye datoar kjem så snart pandemienb roar seg. Vi håpar å kunne kome med ny invitasjon tidleg i 2022.

Vi vil gjerne at alle som vurderar å melde seg på kurset, fyller ut påmeldingsblankett. Den er ikkje bindande så lenge datoane ikkje er klare. Men vi vil gjerne ha kontaktinformasjonane slik at alle interesserte kan få direkte beskjed når nye datoar er sette.

Send også gjerne inn forslag i forkant på personar som bør intervjuast som primærkjelder til lokal historie i i løpet av dei to dagane. Send til post@memoar.no

Kursprogram:

Dag 1:

Vi byrjar kl. 13:00 med ein kort brief for dei som skal vere med på intervjuopptak.

Kl. 14 tek vi til å arbeide praktisk med intervju. Vi likar å gjere reelle intervju som skal bevarast og eventuelt publiserast. Dei av kursdeltakarane som vil starta med intervju er særleg velkomne til å delta som intervjuar, medintervjuar eller observatør.

Vi kan gjere tre intervju (kl 14 - 16 og 18).

Dag 2:

Vi startar klokka 09:00 og held på til ca 15:30. Dette er teori-dagen: Vi brukar erfaringane frå dag 1 som "case" for å gå gjennom etikk, avtalar, førebuingar, intervjuteknikk, litt kamera/lyd/lys-teknikk, mellomlagring, dokumentasjon, arkivering/avlevering til Norsk Folkeminnesamling og formidling.

Vi brukar presentasjonen under som læremiddel.

Eit par vbeker etterpå - webinar

Frå hausten -21 gjennomfører vi dag 3 som webinar, ca. to veker etter dag 1+2.

Vi brukar det til å utveksle erfaringar som er gjort i mellomtida, og diskuterar vidare framdrift. Deretter arbeider vi praktisk med etterarbeid: Dokumentasjon, etikk (presseetikk, museumsetikk), litt redigering, arkivering/avlevering til Minner.no, og formidling.

I prosjektet "Munnleg historie for alle" 2019-2022 kan Memoar, Norsk Folkeminnesamling og Norsk etnologisk gransking tilby historielag, musé og andre så å seie gratis kurs om innsamling, dokumentasjon, arkivering og formidling av munnleg historie.

Samarbeidspartnarane må ordne kurslokale, lokale til intervjuopptak og invitasjonar til kursdeltakarar og intervjuobjekt. Det er også viktig at samarbeidspartnarane gjer avtale med minst ein person som kan bli intervjua dagen før sjølve kursdagen. Vi kan gjere opp til tre intervju - helst med personar som er primærkjelder til lokalhistorisk utvikling. Kursdeltakarane kan delta - som intervjuar, medintervjuar eller observatør - så sant dei som skal bli intervjua samtykker til det.

Memoar dekker våre eigne kostnader (kursleiarar, reise, utstyr). Deltakarane betalar ein eigenandel på kr. 300, - som også dekker lunsj på kursdagen.

For å ta del i webinaret på dag 3, må du ha tilgang til ein PC (eller Mac eller Chromebook eller nettbrett eller telefon med internett). Maskinen din må ha kamera og mikrofon. Ein ekstern mikrofon/øyretelefon gir ofte betre kvalitet på lyd inn og ut.

Du må ha interesse for å lytta til andre folk sine forteljingar om levd liv og erfaring. Ut over det er det ingen førehandskrav.

Ta kontakt med post@memoar.no

Hovudpresentasjonen på introkurset:

Manual-Memoarmetoden

Kursleiarar på Gimsøy blir Bjørn Enes og Maren Rogstad

Bjørn Enes er veteran i arbeidet med munnleg historie. Bak seg har han eit halvt arbeidsliv i industrien, og den andre halvdelen i media, som avis-, fjernsyns- og frilansjournalist både innan tekstarbeid og billedmedia. Han har arbeid i Memoar sidan starten i 2015, og har ein lang periode vore leiar der. Han har budd i Kristiansandsområdet det meste av livet, men sidan 2012 har han hatt base i Bergen.

Maren Rogstad er historikar med master i moderne internasjonal og transnasjonal historie frå UiO. Ho begynte med munnleg historie i samband med sitt mastergradsprosjekt, og er frå hausten 2021 med på å bygge opp Memoar i Oslo.