gunnar Sand

Gunnar Sand hadde fyrste sommarjobb på Falconbridge Nikkelverk i 1962. Etter militæret kom han tilbake der som praktikant. Han ville helst bli elektrikar, men sidan der berre var ledig praktikantplass i instrumentavdelinga, blei det hans fag. Han tok automasjonslinja på Bergen Tekniske Skole og kom tilbake til instrumentavdelinga omlag på same tid som den fyrste datamaskina i norsk prosessindustri blei installert på Mattelutingsanlegget der i 1966. 


I dette intervjuet fortel han om utviklinga sett frå instrumentavdelinga. Han fekk god kjennskap til den gamle prosessen (Hybinetteprosessen), der det var lite instrumentering, enkle reguleringsteknikkar og høg grad av manuelt arbeid. Men han vart også med i arbeidet med å utvikle instrumenteringa på  Mattelutingsanlegget og det som etter kvart blei den nye prosessen på heile fabrikken (Klorluteprosessen). Instrumentavdelinga måtte i stor grad lage instrument som kunne tåle miljøet på ML-anlegget, der det var krevjande kjemiskeprosessar med sterke driftsoppløysingar. For å at prosessdatamaskinen skulle  få noko å arbeide med, måtte dei også utvikle digital signalering frå analoge analyseinstrument til prosessdatamaskinen - og tilbake til reguleringsustyret. 


Han fortel konkrete eksempel på om korleis denne digitaliseringsprosessen gjekk føre seg, og fortel interessant både om tverrfagleg samarbeid og om rolla til særskilt kreative personar. Særleg framhevar han Rolf Håkon Simonsen i denne samanhengen. Han fortel også om spenningar mellom arbeidsgrupper ,  ikkje minst om forholdet mellom datagruppa og instrumentgruppa.  “Datamaskinar er som trøene på ein sykkel. Du kan trakke kor mykje du vil, men manglar du kjedet, kjem du ingen veg. Det som knyter datamaskinen til prosessen, er instrumenta”. 


Intervjuet blie gjort på Nikkelverkets Safeworkcenter 25. august 2022. Intervjuar var Bjørn Enes



Detaljert logg:

(trykk på pila for større versjon)

Logg-GunnarSand25-08-2022.pdf

Den digitale revolusjonen i industrien  

Instrumentingeniør Gunnar Sand har arbeidd med elektronisk prosessstyring heilt sidan den fyrste prosessdatamaskinen blei installert i Noreg i 1967. 

Han har nettopp delt eit viktig stykke munnleg historie på www.memoar.no/nikkelverk/sand

I denne smakebiten (1:50) fortel han historia om den digitale revolusjonen i eit nøtteskal: Fyrst om kreativiteten, her reprsentert med kollega Rolf Håkon Simonsen. Dernest med ei slåande forklaring på forholdet mellom data og prosess......