Nikkelverket

I perioden oktober 2015 - februar 2016 gjennomførte  Memoar, Norsk etnologisk gransking, fagforbundet Industri Energi og Nikkelverkets Arbeiderforening forprosjektet "Vendepunkt 1975". Forprosjektet forsøkte ut samarbeid med lokal fagforeining om å gjere opptak av munnlege forteljingar om endringar i industrien i åra rundt 1975, det året då hundre år nesten samanhengande vekst i industrisysselsetjinga brått snudde til nedgang. Meininga var å førebu eit større hovudprosjekt for å samle munnleg kjeldemateriale om endringane i norsk industri og samfunnsliv. Forprosjektet vart avrunda med eit ope "minnemøte"  i Kristiansand 25. Februar 2016. 

Desse opptaka er publiserte: 

(Kvar forteljar har ei underside med emneord og litt tekst. Der det er passord må innsyn avtalast med forteljaren)

Munnlege kjelder

Prosjektet (prosjektskildringa kan lesast her) har laga 10 minneopptak med personar som var aktive på Nikkelverket i endringsåra ca 1965 - 1995. Kvart intervju er omlag ein time langt. Etter opptak er dei dokumenterte i den forstand at dei er utstyrt med "mellomtitlar" og ei emneordliste som gjer det enklare å bruke opptaka som kjeldemateriale. Etter kvart som dei har blitt ferdige, har dei blitt lasta opp til internett med passord. Det er så forteljaren som avgjer om passordet kan fjernast. 

Sluttrapport for forprosjektet vart avlevert 1. mars 2016. Deretter vert alt materiale avlevert til Norsk etnologisk gransking, Arbeiderbevegelsens arkiv, Statsarkivet i Kristiansand, Norsk Folkeminnesamling og Nasjonalbiblioteket. Fram til ein eller fleire av desse har stadfesta mottak og at materialet er tilgjengeleg der, vil Memoar bevare ein kopi.  Prosjekthistoria kan lesast på prosjektweb'en

Opptak frå avsluttingsmøtet er arkivert hos Memoar. 

Kva skjedde på Nikkelverket i 1975? 

I desse dagar, når mange kjenner slik uro over framtida, er det på tide å stille spørsmålet om korleis notida eigentleg vart til. Midt i Kristiansand finst ein svært god "case" for den diskusjonen. 

Fyrst dei store tala: I 1975 snudde ei utvikling som hadde vore dominerande i meir enn hundre år. Veksten i norsk industrisysselsetjing vart til nedgang. No er det gått 40 år sidan den sumaren då vendepunktet inntraff, og i dag kan me sjå på statisikkane at det var noko mykje meir enn eit konjunkturskifte som skjedde. Men kva var det?

Sjølv hugsar eg det godt. Eg arbeidde på Falconbridge Nikkelverk og meinte at eg såg skrift på veggen. I august måtte alle ferieavløysarane slutte - det hadde aldri hendt før, fabrikken hadde alltid vore i mangel på folk. Eg meinte fagforeininga måtte bu seg på harde tider. No kan me leggje bemanningsstatistikken for Nikkelverket oppå den nasjonale og sjå at frå 1929 til i dag er kurvene så å seie heilt samanfallande.  Les meir i Bjørn Enes sin blogg 

https://docs.google.com/a/enes.no/viewer?a=v&pid=sites&srcid=ZW5lcy5ub3xtZW1vYXJ8Z3g6Y2RmODEzZTZkNWEwZjlm
15-08-27-PresentasjonVendepunkt1975

Prosjektpresentasjon på symposium i London, 14. mai 2016 (norsk versjon):


Bildet: Frå formidling av intervju-serien på Kr.Sand Folkebibliotek i mars 2016. Frå v: Finne, Sørensen, Svendsen, Alsaker, Knutsen, Bakken og Enes.