Alf Holmelid

Alf Egil Holmelid var ein av dei mest sentrale lokapolitikarane frå Sosialistisk Venstreparti i Kristiansand gjennom heile perioden 1990 - 2017. Han er opprinneleg frå Fjaler i Sunnfjord, og kom til Sørlandet som relativt nyutdnna ingeniør på Elkem i 1976. Han sat i Bystyret frå 1998-2003 og på Stortinget 2009-2013. I 1999 gjekk han frå industrien til Høgskulen i Agder, der han var aktivt med på å universitetsutviklinga. Han har vore forskingsdirektør på høgskulen/universitetet i Agder frå 2002. i (Les meir i Wikipedia)

I dette opptaket frå mars 2017 fortel han litt om det uvanlege ved å vera politikar og industrimann, og om nytte han har hatt av det både i politikken og i universitetsleiinga. Han meiner mellom anna at det forklaringa på kvifor UiA har ord på seg for å ha eit særs vellukka samarbeid med næringsloivet i regionen.

Han hugsar lite frå debatten om den nye energiloven i 1990. Då spørsmålet kom opp om å gjera Kristiansand Energiverk om til AS, var han og partiet imot, av di dei mistenkte at dette kunne vera eit fyrste trinn i retning privatisering. Av same grunn var dei mot fusjoneringa av dei tre energiverka på Sørlandet til Agder Energi. Han kallar motstanden "lite energisk" i starten, av di det var moglege konsekvensar ei var imot, ikkje AS- forma eller fusjonen i seg sjølv.

Spørsmålet om sal kom ikkje opp før i 1997 eller 1998. Han sat då i Formannskapet. Han er sterkt kritisk til prosesen frå då av. Hn meiner at Bystyret vart fanga i ein "catch 22", av di hovudspørsmålet om sal eller ikkje sal aldri kom opp, medan ein serie orienteringsmøter utan høve til debatt utmanøvrerte motstandarane.

Han summerer opp at motstandarane var SV som var mot sal, Venstre som var mot å få for fort fram, og Kristieleg Folkeparti som etter kvart vart meir og meir imot sal. Men ingen veit kor fleirtalet hadde vore om spørmålet om sal hadde kome opp før det var for seint å snu, seier han. Særeg uvisst ville utfallet ha vore i Arbeiderpartiet

Han er også kritisk til at spørsmålet om kva pengane skulle brukast til alltid vart skild frå spørsmålet om sal. Alle var jo for å etablera Cultiva og Kompetansefondet. Når realitetsdebatt om føresetnaden - salet - heile tida vart utsett, virka det for alle som at semja om sal var like stor.

Stiftelsane var viktige for å lukkast med universitetet. Kompetansefondet har alltid samordna sin politikk med universitetsleiinga, det har ikkje Cultiva, som har samarbeidd meir med enkeltforskarar og -miljø. Den fyrste strategien, om å utvikle kulturnæringar i Kristiansand, slo truleg ikkje til, sjølv om det har vore ein påfallande vekst i synlege kunstnarar frå byen. Det burde forskast på om det har samanheng med stifltelsane.

I det store biletet nevner han tre område som er merkbart endra i byen: Uteliv og kulturliv har utvikla seg veldig, næringslivet er blitt mykje meir allsidig - og utdanningsnivået på folk i byen er merkbart høgare.

Men han ser mørke skyer bygga seg opp. Ein ganske liberal periode med slike framgangar kan sjå ut til å bli avløyst av en periode der unge, offensive kristenkonservative er på frammarsj att.

Opptaket vart gjort i Kristiansand 27. mars 2017. Intervjuarar var Olav Wicken og Bjørn Enes.

Logg-AlfHholmelid.pdf

Alf Holmelid, 27. mars 2017: