Bjørn Johnsrud

Publiseringsdato: 14.okt.2019 12:43:56

Bjørn Johansrud er fra Skotterud i Eidskog kommune, sør i Hedemark, reiste til sjøs i ein alder av 15 år hausten 1959. Inspirert av historier frå eldre kameratar valde han å mønstre på kvalkokeriet «Kosmos IV», og hadde ingen problem med å reise langt og lenge. Han vart messegut, og fekk ansvar for å rydda og vaska byssa. Turen tok ein månad, og gjekk via Las Palmas og Cape Town. Der henta dei proviant, mannskap og skyttarbåtar, som ofte overvintra der. Etter dette gjekk turen til syd-ishavet, der kvalfangsten tok til. Då gjekk dei over på 12-timesvakt, og mannskapet vart delt i to. Den eine halvdelen jobba frå klokka 6 om morgonen til klokka 18 om kvelden, medan den andre halvdelen jobba 18 til 6. Etter halve sesongen bytte dei på vakta.Det var lange arbeidsdagar for ein 15-åring, men han angra aldri. Arbeidet var kanskje ikkje spesielt tungt, men han måtte stå opp før alle andre for å setje byssa istand. I byrja var han mykje sjøsjuk, men etter to veker fann han sjøbeina sine. Kvalkokeriet hadde ei stor bysse, det måtte til om ein skulle server 250 mann. Båten hadde til og med eige bakeri. Kosthaldet var det ingenting å utsetje på, og alle fekk 3 måltid om dagen.

Han kom heimatt i mai, og reiste ut igjen i slutten av august. Denne gongen som maskingut på skyttarbåt med kurs mot Syd-Georgia. Ansvaret auka med den nye stillinga, men det gjorde også hyra. Båten var dampdrevet og gjekk hovudsakleg på råolje. Då dei fekk auge på kval, slo maskintelegrafen over på full maskin. Då blanda dei diesel i råolja, og jaga avgarde etter kvalen. Då dei fanga kvalen vart det full stopp, og dei vart tvungne å blåse kjelen. Deretter vart kvalen dratt inn til skutesida, fylt med luft og merka med både flagg og radiosendar. Bøyebåtar drog deretter kvalen inn til landstasjonen på Syd-Georgia, der den vart prosessert. Sesongen 60/61 var den siste med kvalfangst på Syd-Georgia. Etter dette vart skyttarbåtane tatt heim, for så å bli utleigde til japanerane.

Han fekk ein siste sesong som hjelpearbeidar på «Kosmos IV». Då var hovudansvaret hans å løfte kval med vinsj. Han ville gjerne reise ein sesong til etter dette, men vart innkalla til førstegongsteneste. «Kosmos IV» var det siste norske kvalkokeriet, og gjekk ein siste sesong etter dette. Sjølv om han slapp førstegongsteneste, markerte dette likevel slutten for Bjørn Johnsrud sin kvalfangarkarriere. Etter dette kjørte han lastebil, truck og traktor i serviceavdleingen til Fjellanger bruk ei stund. Dei neste 25 årene kjørte han taxi, fram til han pensjonerte seg.

Opptak 22/9-2019 på Norsk Utvandrermuseum.

Intervju og foto: Finn Åge Løvlien

Intervjuet handlar om livsminner som kvalfangar i Sør-Ishavet på begynnelsen av 1960-talet.

Logging: Johan Knutsen

00:00:00 Personalia

00:00:20 Fra Skotterud, Eidskog kommune, sør i Hedmark, bodd mange år i Kongsvinger.

00:00:40 Gjekk på liten bygdeskule, far var lastebilsjofør, kjørte i distriktet før han begynte med bygg og anlegg i Oslo, mor var heimeverande.

00:01:30 Tre søsken, yngre søster, yngre bror som var attpåklatt. Foreldre flytta til Kongsvinger i 1960, mora var derifrå.

00:02:00 Skulegang, folkeskule, framhaldsskule, reiste på kvalfangst som 15-åring.

00:02:30 Eldre kameratar inspirerte han til å bli kvalfangar, heller enn å reise til Oslo eller drive med skogbruk.

00:03:00 Ingen betenkleghetar med å reise langt heimefrå, vart messegut, rydda og vaska etter 20 mann. 6 månadar på, og 6 månadar av.

00:04:15 Turen tok ein måned, via Las Palmas og Cape Town for å hente proviant og folk som skulle på skytebåtar som hadde overvintra.

00:05:00 Kvalfangsten tok til når dei nådde sydishavet, gjekk over på 12-timersvakt, delte mannskapet i to, eina halvdel jobba 06-18, andre 18-06. Bytta vakt etter halve sesongen. Kvalkokaren «Kosmos IV».

00:05:45 Lange arbeidsdagar for ein 15-åring, angra aldri, ikkje tungt arbeid, men måtte opp før alle andre.

00:06:30 Bra kosthold, mat 3 gonger om dagen. Fekk proviant og olje frå forsyningsskip. Bunkra opp.

00:07:20 Stor bysse, 250 mann ombord, bakeri ombord. Brød og pålegg. Vikingmelk på boks i kaffen.

00:08:50 Ingen fritidssysler. Velferdsrom. Bøker, kortspel, filmer. Ingen pengespel. Bra samhold.

00:10:00 Dei eldre tok hand om dei yngre når dei gjekk i land. Kunne berre norsk. Vaktar i Cape Town. Fekk ikkje komme inn på restaurant.

00:11:15 Greit forhold til leiinga. Ett par sør-afrikanerar ombord. Alle var likestilt.

00:12:00 Uvær. Sjøsjuk i to veker. Udramatisk. Drift i allslags vær.

00:13:00 Samarbeid mellom skyttarbåtar/bøyebåtar og kokeriet. Jobba ikkje på dekk.

00:14:00 Eldre flenserar og kvalfangerar kunne bli «kvalsjuke». Alle hadde part.

00:15:00 Lønn. «Slappen», butikk ombord. Fekk 200 kroner i forskudd til å kjøpe arbeidskler. Dovre -tskjorter og olabukser.

00:16:30 Vaska kler med kvalsåpe, kvitt vart grått. Vanlege tøysko og langstøvler.

00:17:45 Alle fekk tilbod om å reise heim jamnleg mot trekk i hyra. Planla sommaren. Skulle kjøpe moped.

00:19:00 Kjøpte moped, jobba på gård. Vanleg at ungdomen seilte. 80 kvalfangerar frå Eidskog kommune, i tillegg til handelsflåten.

00:20:20 Ingen heimlengsel, ingen mistrivsel, ingen psykiske plager. Kunne sende brev via forsyningsskip. Mange hadde kamera.

00:21:55 Kom heim att i mai, reiste 29. august til Syd-Georgia. Reiste frå Sandefjord på skyttarbåt som maskingutt. Bedre lønn.

00:23:00 Maskintelegrafen slo over på full maskin når dei såg kval. Dampbåt. Fyrkjele. Fyrte med råolje. Blanda inn diesel når den gjekk på «jag».

00:24:00 Full stopp når dei fanga kvalen. Måtte blåse kjelen. Drog kvalen inn til skutesida. Fylle den med luft, merke med flagg og radiosendar.

00:25:22 Bøyebåtar drog kvalen inn til landstasjon. Hadde ikkje kokeri ombord. Kokeri i Syd-Georgia. Skaut finnkval.

00:26:30 1960/61 siste sesong med kvalfangst i Syd-Georgia. Ikkje kvote på blåkval. Tok med skyttarbåtar heim, leigde dei til japanerane.

00:27:10 Hjelpearbeidar på dekk på «Kosmos IV», kjørte vinsj under sesongen, løfta kval. Storleik på finnkval.

00:28:30 Ville ha ein sesong til, men vart innkalla til førstegongsteneste. «Kosmos IV» var siste kokeriet, og gjekk ein siste sesong etter dette.

00:29:10 Kjørte lastebil, traktor og truck iserviceavdelingen på Fjellanger bruk, kjørte deretter taxi i Kongsvinger dei neste 25 årene, pensjonerte seg, slapp militærteneste.

00:30:00 Kvalfangarar hadde ein viss status, men dei som segla i handelsflåten hadde større status.

00:31:00 Fekk ein stensil på messebordet med informasjon frå Noreg ved jamne mellomrom. Lite radio.

00:32:00 Hadde platespelar på velferdsrommet. Gubbemusikk. Svenskemusikken begynte å komma på Finnskogen.

00:33:00 Ulykker. Mista to mann i kokeriet. Ein sjuk mann gjekk i land mellom Cape Town og Durban. Ingen drukningsulykker.

00:35:10 Sjukestove og tannlegekontor på Syd-Georgia. Sjukestove ombord på kokeriet, bemanna av diakon. Kjende seg ivaretatt.

00:36:20 Kvalfangsten var ein fin ting å ha med seg. Hadde kvaltenner og andre suveniarar, men har gitt dei til dotter si.

00:37:10 Et framleis kvalkjøt. Har mykje litteratur om kvalfangst som han mimrar med.

00:38:00 Kjøpte motorsykkel. Kjøpte langsal, veltebøyle og ny eksospotte.

00:39:40 Sparte ikkje på penger. Tente litt penger på gårdsarbeid. Jobba på sinkkvit-fabrikk ett år, før han reiste ut igjen.

00:40:40 Protestar mot kvalfangst. Miljøvern, kvotar og japansk fangst.

00:41:30 Russerar, Equador og Chilenerar fiska også kval.

00:42:30 Skytteren var skipper og kongen ombord. Prestisje. Bomma iblandt. Harpuna vog 70 kg, og rakk 50 til 70 meter. Kvalen kjempa.

00:44:00 Kvalen kunne velte båten, hadde granat (varmharpun) kalla «dræpern'».

00:45:00 17 stykker ombord på skytterbåt. Eget samfunn. Same mannskap gjennom sesongen. Fabrikkarbeiderar på kvalstasjonen. Alle kjente alle. Ingen kvinner ombord.

00:47:00 Første kvalfangsten. Stod på brua. Spennande.

00:47:48 Slutt.