Gülay Kutal

Gülay Kutal vaks opp sentralt i Istabull. Ho vart oppfostra av tanta si, og hadde stabile rammer og god skulegang. Ho begynte tidleg på universitetet, der ho traff mannen ho gifta seg med. Allereie 21 år gammal vart ho ferdig utdanna som industriingeniør. Medan ho gjekk på universitetet hadde landet gjennomgått eit militært statskupp, og stemninga var ganske beklemd. Difor søkte ho seg inn på høgare utdanning i Noreg. Ho kom inn på hovudfag i Infomatikk i Oslo. Det var for dyrt for ein fattig student å fly, så ho tok buss til München, og tog til Oslo. På dette toget fekk ho sitt første møte med rasisme og diskriminering, men lot seg ikkje vippe av pinnen. 

Vel framme i Oslo tok ho kontakt med Foreign Students Office på Blindern, og fekk installert seg i Sogn studentby. Kort tid etter kom ektemannen reisande etter, og søkte seg inn på Kunsthøgskulen. Ho mangla grunnfaga, og brukte litt tid på dette. Samstundes lærde ho seg norsk, og jobba som morsmålslærar.  I hovudoppgåva samanlikna ho vindaugesystem på forskjellige operativsystem, henhaldsvis Windows, Macintosh, OS2 og Next, og fekk god karakter. Etter endt utdanning starta ho og mannen eige firma, men begge fann seg ganske snart arbeid andre stader. 

I 1996 bestemde ho og mannen seg for at det var på tide å få barn, og livet tok ei ny vending. Etterkvart påtok ho seg forskjellige politiske verv. Ho var landsstyremedlem i SV frå 2005 til 2007, sentralstyremedlem frå 2007 til 2013, og landsstyremedlem igjen frå 2013 til 2017. Ho var leiar for SV sitt etniske likestilingsutval frå 2005 til 2017, og har arbeida med likestilling av menneske med annan etnisk bakgrunn i Noreg. I 2010 vart ho til og med vurdert som SV sin ordførarkandidat  i Oslo, og var innvald i Oslo bystyre for SV i frå 2011 til 2015. 

Utanom dette engasjerar ho seg i blant anna i Norsk-Tyrkisk studentforening, arrangerar Sosialistisk Verdenskafe og syng i kvinnekoret AlaTyrka.

Opptak 19/9-2017 - Intervjuar Cathrine Hasselberg 

 

Logg: Johan Knutsen

00:00:00 Personalia. Bur i Oslo, kom til Noreg frå Istanbul i 1984. Skriv bok om oppveksten sin.

00:00:50 Vaks opp sentralt i Istabull, i nærleiken av Ottomanske Palass, stedsnamn?. Tyrkia var sekulær republikk.

00:01:40 Godt å vekse opp i middelklassefamilie Gode utdanningsmoglegheiter. Offentleg skule. Armenarar og Jødar i nabolaget.

00:02:40 Ikkje noko fokus på etnisitet. «Identitet som dreper» av Edward Said (eigentleg Amin Maalouf).

00:03:40 Mor var lærar, far var i militæret. Vaks opp hjå ein fjern tante. Skriv også bok om dette. Syria, Balkan.

00:04:45 Møtte foreldre og søsken kvar sommar. Dei flytta ofte. Lang historie, som ikkje blir fortalt.

00:05:50 Tanta, som ho kalla mor, var husmor som gjorde alt ho kunne for å sikre utdanninga hennar.

00:06:50 Var ferdig utdanna ved universitetet då ho kom til Noreg. Hoppa over første klasse, kunne allereie lese og skrive.

00:07:20 Fire år grunnskule, seks år ungdomsskule/høgskule, fem år på universitetet. Ferdig utdanna industriingeniør 21 år gammal.

00:07:50 Beskriv utdanninga og yrket. Produksjonsoptimalisering. Effektivisering.

00:09:45 Uproblematisk å utdanne seg til ingeniør som kvinne i Tyrkia. Fikk sjokk då ho kom her, her var det omvendt. Hovudfag i informatikk, måtte kvotere inn kvinner.

00:10:25 Utviklingsland. Teknologi og modernitet går ikkje hand i hand. Ca. 50/50 kjønnsdeling ved høgare utdanning i Tyrkia. Høgare velferdsnivå fører til større valfridom.

00:12:15 Kreative yrke og sosiale fag meir populære enn tekniske fag i vesten. Meir individorientert. Større fokus på tekniske fag og jobbesikkerheit i ikkjevestlege land.

00:13:15 Kort pause.

00:13:20 Var skuleflink. Vart påverka av sysken som var ingeniørar. Valgte retning som kombinerte det tekniske og menneskelege. Utdanninga finst ikkje i Noreg.

00:15:20 Statskupp i Tyrkia i 1980. Grunnen til at ho reiste. Vanskeleg i Tyrkia både før og etter. Høgre/venstre problematikk.

00:17:20 Var student før, under og etter kuppet. Innskrenking av ytringsfridom og demokratiske rettar. Forbod mot fagforeiningar. Arrestasjonar, tortur og sensur.

00:19:00 Kuppet snudde opp ned på alt over natta. Ikkje mogleg å protestere. «Vanlege folk» var letta over at det var over. Begge sider var væpna, og drap kvarandre.

00:21:20 Ein kunne bli arrestert for ingenting. Folk involverte i rørsle kunne bli fengsla i mange år og torturerte. Mange rymde landet.

00:22:10 Kom til Noreg for å få pause frå den kvelande stemninga i heimlandet. Blei varande. Gifta seg i 1984, før ho reiste.

00:23:05 Mannen hennar var eit par år eldre, studert ved same universitet. Ho søkte hovudfag i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø. Kom inn på samtlege

00:23:45 Mannen kom på besøk eit par månader seinare. Hadde starta forlag i Tyrkia. Kom inn på Kunst og Handverk-skule.

00:24:45 Vart forventa at ein returnere etter endt utdanning, med mindre dei kunne vise til unik kompetanse. Starta firma.

00:26:20 Kort pause.

00:26:25 Første dagen i Noreg. Fattig student. Dyrt å fly, tok buss frå Istanbul til Munchen, tog til Noreg. Vart skremd av dansk dame. Dansa folkedans i Frankrike og Italia.

00:28:30 Første møte med rasisme og diskriminering. Var optimistisk. Idealiserte vesten. Dansken raljerte om det Ottomanske riket. Ho skremd dansken.

00:30:35 Hadde ikkje visum, vart kontrollert i Sverige, midt på natta. Fekk hurtigvisum. Toget venta.

00:33:10 Kom fram. Perrongen var av tre. Gjekk langs Karl Johan. Forventa snø og is, vart møtt av sol og varme. Godt førsteinntrykk.

00:35:00 Drog til Foreign Students Office på Blindern. Vart sendt til Sogn studentby. Ringte til ein tidlegare medstudent som studerte i Oslo. Handla det aller nødvendigaste

00:37:20 Lærte engelsk i Tyrkia. Hovudspråk på universitetet. Tradisjon for folkedans. Forskjellige kulturklubbar. Leigde buss og reiste på turne. Yngste leiar. Reiste til Bagdad.

00:41:30 Har lett for å engasjere seg. Rekk å gjere mykje forskjellig ved å gjere ting halvvegs.

00:42:15 Mangla grunnfag for master i informatikk, tok desse i Noreg. Jobba som morsmålslærar.

00:43:05 Brukte eit år på Norwegian Lighthouse(?) Society på Blindern. Geografi, Historie, Kunst, Politikk og Norsk. Tilsvarande introduksjonsfag. To år på grunnfag.

00:44:00 Samanlikna vindaugesystem på datamaskinar i hovudoppgåva. Macintosh, Windows, OS2 og Next. Tok lang tid å skrive. Fekk bra karakter.

00:46:30 Valde bevisst framtidsretta utdanning. Data.

00:47:30 Prioriterte annleis når ho fekk barn, 33 år gammal. I 1996. Fleksibel ordning med ektemannen.

00:49:30 Mannen foreslo at dei skulle få barn. Fekk barn i Noreg. Familien kom på besøk. Foreldre slutta å besøke, p.g.a. visum-styr.

00:51:30 Visum-politikk.

00:52:30 Kvinnekor. AlaTyrka. Fekk hjelp av dirigent og pianist. Medlem av Norsk Korforbund. Vil byggje bru mellom Noreg og Tyrkia.

00:55:00 Norsk-Tyrkisk Studentforening.

00:56:00 Fleire antall nasjonalitetar representert i Oslo enn i FN. Thomas Hylland Eriksen.

00:57:50 Starta i Sosialistisk Venstreparti for femten år sidan. Leiar for etnisk likestillingsgruppe. Arrangerer Sosialistisk Verdenskafe annenkvar laurdag.

00:58:50 Jobbar for at innvandrarar skal ha det godt. Eit integrert samfunn. Ein kan tilhøyre mange nasjonalitetar. Fremmar forståing gjennom sitt politiske verv.

01:00:00 Jobba i sentralstyret, landsstyret. Utforma politikken frå sentralt hold. Vart vurdert som ordførarkandidat for SV i Oslo. Folkevald. Sit i Bystyret.

01:02:00 Store sosiale skilnadar mellom folk er giftig.

01:02:20 Kort pause.

01:02:30 Tok norskkurs på Blindern. Norsk var vanskelig. Tonefall. Ein «syng» språket. Dialekt.

01:06:30 Glad i språk. Forstod at ho måtte lære norsk. Var svært krevjande. Tok mange år å meistre språket.

01:07:30 Snakkar tyrkisk heime, av prinsipp. Folk trur at barn bør snakke norsk. Berre tull. Fordommar. Leste tyrkisk for barna, og tok med tyrkiske fagbøker.

01:09:10 Dottera er idag stolt av språket sitt. Verdien av språk.

01:11:15 Kjenner seg både norsk, tyrkisk, balkansk, iransk, latinamerikansk og russisk.

01:12:20 Audmjukskap er ein av dei beste kvalitetane til nordmenn. Flinke til å lytte. Respekt. Ytringsfridom, likestilling, kvinnerettar. Har blitt meir tålmodig og audmjuk.

01:14:30 Intellektuelle vil fri seg frå identitet, Edward Said. Fornøgd med dottera. Leiar i venstrealliansen. Les mykje.

01:16:30 Vanskelig å knekke sosiale kodar i Noreg. Besøk, ansvar, forplikting.

01:19:30 Tankar om framtida. Likar ikkje tanken på å døy. Dårlig til å planlegge livet. Planlegge alderdomen. Vil vera med dottera, ikkje i Tyrkia. Håpar dottera finn ein god samlivspartner.

01:21:00 Mest bekymra for miljøet. Bekymra for høgreekstremisme.

01:22:11 Slutt.