Ratan Kumar Samadder

Fribyforfattar

Ratan Kumar Samadder - Migrasjon -
08.11.2017 intervjuar Bjørn Enes. Ratan er fribyforfattar i Bergen sidan sommaren 2015. 

Les MEir

Ratan kjem frå ein landsby heilt sør i Bangladesh, der foreldra hadde ein liten gard. Ratan var flink på skulen, og faren bygde opp ein fiskehandel for å skaffa pengar slik at han kunne gå vidare etter folkeskulen. Frå ungdomsskulen og oppover konkurrerer skulane i Bangladesh om flinke elevar. Han vart "headhunta" av ein lærar frå nabobygda . Læraren hadde mange bøker - og slik starta Ratan sitt litterære liv. 

Der var berre ein landbruksskule i distriktet, der fekk han utdanning innan skogbruk. Kort etter at han var frerdig, fekk han  sjanse til vidareutdanning innan økonomi slik at han kunne arbeida i bank. Slik lærte han å skriva på maskin/tastatur. 

Han kjem frå ein hindu-familie, men er ikkje-praktiserande, og sterk tilhengar av den sterke sekulære tradisjonen i Bengal som var ei viktig drifkrafta bak lausrivinga frå Pakistan i 1972. 

Motsetningane mellem denne sekulære tradisjonen og politiske gruperingar som appellerer til den muslimske majoriteten i landet, har prega heile den nyare historia i Bangladesh. 

Banken fekk internett i 2007. Der såg han at folk skreiv om alt mogleg, og at mange hadde same meiningar som han sjølv. Det inspirerte han, og han tok til å skriva i 2008. Fyrst skreiv han ein roman på PCen i banken. I 2009 lånte han pengar og kjøpte sin eigen bærbare PC. Omtrent på same tid skjedde to viktige medierevolusjonari Bangfladesh: Det laga eit program som gjorde det mogleg å skriva på bengali på Internett. Og den fyrste fiberkabelen kom mellom Bangladesh og utlandet. Dermed vart internett vesentleg billegare, og talet på brukarar eksploderte. 

Natar tok til å skriva i to sekulære bloggar som fekk ein veldig popularitet. Det kom for alvor til uttrykk i 2013, då det vart store demonstrasjonar mot eit rettsoppgjer etter omfattande massakrar mot intellektuelle som fann stad i 1975. Den såkalla Shabag-rørsla (sjå underside med videoar) fekk ei veldig tilslutting. Dette skjera motsetningane til dei konservative. 

Akkurat korleis sambandet er mellom dei konservative politiske maktgrupperingane og dei såkalla jihadistane som tok til å angripa fortattarar, illustratrar og forleggarar er ikkje klart. Men desto klarare er resultata: I 2013 starta ein serie drap.  I 2015 vart det offentleggjort ei liste på 84 intellektuelle som skulle drepast. og angrepa heldt fram.  Natar var eit av namna på bloggen. 

"Ein dag såg eg ein framand mann på kafeen der eg åt frukost. Då tenkte eg: I dag er det min tur"

Frå vener fekk han høyra om nettverket av fribyar - ICORN. Han klarte å koma i kontakt gjennom epost, og då gfjekk det ganske fort.  

I fyrste del fortel han om barndom og oppvekst, utdanning, forfattarskapet, Shahbag-rørsla, drapsrekka - og flukta som førte han til Bergen.  

Intervjuopptaket vart gjort i Studfio 1, Bergen Bibliotek den 8. november 2017. Intervjuar var Bjørn Enes, han har også gjort dokumentasjonsarbeidet. Intervjuet er på engelsk, dokumentasjonen er på norsk. Litt av bankgrunnsmaterialet er også på bengali. 

BAKGRUNN:

INTERVJULOGG