milestolpe
Toppbilde: daveynin from United States, CC BY 2.0, via Wikimedia Commons
Memoar milestolpe - å skape eit kulturminne
“Bevaring” av immateriell kulturarv handlar ikkje om å stoppe kulturutviklinga, men om å gi samtid og ettertid nyanserike augeblikksbilete av korleis dei som tok del i utviklinga hugsa, opplevde og reflekterte på bestemte tidspunkt.
Det er idéen med med ein Memoar milestolpe. Det kan vere eit jubileum i ein organisasjon eller bedfrift, eit slektstevne - eller ei historisk hending i kommunen.
Eksempel på milestolpar:
Ferdig milestolpe:
Ein film (25-55 min) med munnlege “gullkorn”, ordna tematisk og dramaturgisk - med veksling mellom humor, alvor og saksinformasjon. Filmen vi egne seg for publikumsvising, for nettsidepublisering og for sosiale media.
Ei samling av munnleg historie-intervju med enkeltpersonar. Dette er djupintervju, med utgangspunkt i den aktuelle milepålen, men med avstikkarar tilsamanhengar i heile livsløpet til den som blir intervjua. Normalt er kvart intervju 25 - 120 min. langt.
Signerte samtykke med alle som har blitt intervjua. Kvart samtykke gjeld opptak og arkivering av intervjuet, og erfaringsmessig vil også dei alle fleste gi sitt samtykke til at opptaket skal vere tilgjengeleg for interesserte og at det kan brukast i forsking og formidling.
Ofte inngår eit redigert opptak av ein forteljarkveld eller “mimrekveld” der alle som har lyst er inviterte til å kome for å dele forteljingar og minne knytta til milepålen. (Det blir ikkje laga signerte samtykke med alle på forteljarkvelden, men det blir informert om opptak, arkivering og bruk)
Dokumentasjonsmateriale - heile samlinga blir dokumentert og søkbar med:
Ei emneordliste som tydeleggjer tema som fleire enn ein har snakka om
Logg som viser tidskodane for kor i kvart intervju det blir snakka om kvart emneord.
Maskintranskripsjon av alle intervju og eventuell forteljarkveld. Desse vil ikkje vere korrekturleste, men er brukbare for å finn meir detaljert informasjon om innhaldet i kvart intervju.
Heile samlinga vil kunne bli levert på ein ekstern harddisk som kan avleverast til arkiv, museum eller bibliotek. Samlinga kan også arkiverast hos Memoar for seinare avlevering til offentleg langtidsarkiv for munnleg historie. Samlinga vil kunne bli tilgjengeleggjort som ei prosjektside under Memoar.no (www.memoar.no/prosjektet) og på lokal nettside (institusjon, museum, historielag etc).
Gjennomføring:
Normalt blir arbeidet lagt opp så å seie i motsett rekkefylgje. Kortversjonen av prosjektplanen er slik:
Planleggingsmøte: (Ofte fleire - ofte i form av videokonferanse): Kva er milepålen? Kven vil vi intervjue? Kva trur vi at dei kjem til å fortelje om? Vi lagar fyrste utgåve av emneordlista og konkrete planar for vidare gjennomføring.
Prosjektnettside: Denne sida startar som ei informasjonsside om prosjektet for dei som blir inviterte til intervju, samarbeidspartnarar og media. Så kan det leggast inn meir etter kvart som prosjektet går framover - og til sist er sida blitt eit immaterielt kulturminne om passeringa av milepålen.
(Eventuelt): Forteljarkveld. Dette er ofte ein veldig god start,som både gir gode opptak og virkar insprierande på dei som seinare skal fortelje ein og ein. Det kan også dukke opp personar som ingen har tenkt på under planlegginga.
Intervjuserie. Det mest kostnadseffektive er “samlebandsintervju” der dei som skal intervjuast kjem til avtale klokkeslett (f.eks. kl 09 - 11 - 14 - 16 - 18). I motsett ende av “kostnadsskalaen” er heimebesøk ved kvart intervju. Då må me rekne reisetid og opp- / nedrigging av utstyr i tillegg. Men i nokre tilfelle blir kvaliteten av intervjuet betre.
Dokumentasjon og redigering: Her vil rekkefylgja vere Maskintranskripsjon - Logging (utvikling av andre utgåve av emneordlista) - Etisk evaluering - produksjon av ein video for kvart intervju, eventuelt ein video om forteljarkvelden og til sist “samandragsvideoen”
Arkivering: Alt blir ordna i Memoars avleveringsarkiv og klargjort for avlevering. Heile prosjektmappa blir kopiert over på ekstern harddisk for overlevering til prosjekpartnar.
Publisering: Sjølv om vi veljer å publisere resultat etter kvar som dei blir ferdige, er det fyrst når alt er på plass at vi lanserar det ferdige kulturminnet.
Formidling: Eit publikumsarrangement med ein moderert panelsamtale mellom dei som har blitt intervjua kan vere ei flott avslutting av slike prosjekt
kVA KOSTAR DET?
Budsjettutkastet til høgre er det vi arbeider ut frå. Eksempelet her handlar om ein forteljarkveld, 4 dokumenterte djupintervju, ein samlefilm og ei nettside pluss ein harddisk-kopi.
Last ned budsjettmalen, kopier han,
Anslå timar for planlegging,
fyll inn tal på intervju og
reisekost - så kan du sjølv berekne Memoar sitt utgangspunkt for å diskutere prosjektsamarbeid!