Wengshoel

Publiseringsdato: 27.okt.2019 22:14:41

Kjersti Selvik Wengshoel begynte i Stavangerske Dampskipsselskap i 1990, som vaskedame på ferja som den gongen gjekk mellom Lauvvik, Forsand og Oanes. Etterkvart løyste ho meir og meir av på dekk, og mot slutten av 90-talet fekk ho tilbod om å ta maritim linje på vidaregåande skule saman med fire andre frå same bygd og rederi (Forsand) Ho var småbarnsmor då ho jobba på ferja. Det var mogleg, takk vera svigermor som flytta heim til dei når ho var på sjøen og mannen var i Nordsjøen. Heilt til borna vart vaksne, stilte svigermor opp.

Kjersti fekk styrmannspapir i 2001. Ho måtte mønstra som matros eit år, for fartstida vart ikkje godkjend - ho hadde aldri blitt mønstra om frå «hjelpebetjent» gjennom dei ti åra på ferja. Men midt i turistsesongen i 2002 fekk ho si fyrste hyre som styrmann, på cruiseferja i Lysefjorden.

«Der var open bru. Det krydde av folk rundt meg då eg skulle leggja til land fyrste gong...»

Men det gjekk bra, og ho avanserte heilt til kaptein på Hjelmelandsferja før ho sa farvel til Stavangerske og søkte seg ut på ope hav.

«Eg hadde ikkje mykje tru på at eg skulle klara det – eg hadde jo berre seilt inni fjordane,» Men så ringte altså mannskapssjefen i dåverande Trico Marine. Han hadde høyrt om henne, sa han. Ho anar enno ikkje kva som var forhistoria, men styrmannshyre fekk ho. Ho skryt svært, både av skipperen ombord og rederiet. Dei var stasjonert i Aberdeen og jobba i britisk sektor. Møtet med alle faguttrykka og dei skotske dialektane var tøft. Ho forsto ikkje eit ord av det dei sa på VHFen.

«Berre svar oki doki, sa skipperen – det kjem etter kvart.» Og det gjorde det. I dag har den skotske aksenten sett seg fast i engelsken hennar.

Men ein dag fekk dei høyra at båten - «Northern Gambler» - skulle selgjast. Ho såg svært mørkt på situasjonen då – men alt då ho kom heim, fekk ho tilbod om ny jobb. Den same mannskapssjefen hadde sett utviklinga og bytta jobb – og nå ville han ha henne med seg over i Bourbon Group.

Der fekk ho fyrst eit år på supplybåt i Angola. Det var inga god oppleving. Kjemien var dårleg ombord, og det var dårlege relasjonar til det angolanske ekstramannskapet som det var krav om å ha med. Reisene til og frå var audmjukande, og kommunikasjonane var så dårlege at det var slitsomt å tenkja på borna heime – om noko skulle henda.

Ho ba om ny jobb – og havna i Kina, for å henta eit nybygg. Det var i svært dårleg forfatning, og det var vanskeleg å få verftet til å gjera det sjøklart. Etter seks veker kom dei seg avgarde – dei kom seg til Danmark, men der vart det tre nye månader på verkstad. Og då båten til sist kom heim, var det rett på verkstad igjen. «Det hadde nok lønt seg å byggja i Noreg».

Ho sa neitakk til ein ny Kina-tur – og jatakk til ny jobb i Havila. Og dermed var det tilbake til Nordsjøen. I alt var ho i supplyflåten i 13 år. Heile tida var det ei rivande teknologisk utvikling. Men ho såg at deg bar gal veg, for reiarane kontraherte alt for mange skip. For hennar del var det slutt i 2016. Då vart ho arbeidslaus for fyrste gong sidan ho begynte å vaska på ferja i Forsand.

«Det var deprimerande. Der var ikkje mange jobbar å søka på for ein navigatør. Og mitt liv er å segla...»

Men så – endå ein gong – var det som om Forsynet greip inn. Ho fekk ein epost frå Hurtigruten, om ho var interessert i ein prøvetur. Det var noko heilt anna enn alt ho hadde gjort før. Det er ein veldig krevjande fart – du må læra heile norskekysten utanat for å bli ein god styrmann der. Men ho fekk fast jobb etter tre månader. Og ikkje lenge etter fekk ho bytta til cruise, slik at store deler av vinteren er ho på langfart i Antarktis.

«Eg har aldri angra på at eg blei sjømann!» avsluttar ho.

Opptaket vart gjort i biblioteket på Oljemuseet i Stavanger den 27/2 2018. Intervjuar var Bjørn Enes. Han har også gjort dokumentasjonsarbeidet. Der er periodevis noko bakgrunnsstøy under intervjuet.

Stikkord om innhaldet i intervjuet:

(Tala til venstre er tidskodar - timar, minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare.

Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta timar (h), minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa:

https://vimeo.com/227415646#t=2h39m15s )

Hent utskriftsvennlig stikkordliste