Utvandrarjubileet

I 2025 markerar Noreg at det er 200 år sidan den fyrste organiserte utvandringa til Amerika.  Memoar tar sikte på å bygge opp ei gruppe frivillige som kan arbeidefram eit stort, landsomfattande munnleg historie-prosjekt og korleis ut- og innvandring har påverka norsk historie gjennom desse to hundreåra. 

MELD INTERESSE FOR Å BLI MED I ARBEIDSGRUPPA TIL POST@MEMOAR.NO :-)  

To hundre år er eit tidsspenn som langt på veg kan delast i to  nesten like store delar. Det fyrste hundreåret- frå  25 til 1925 - er vi avhengige av å finne brev, dagbøker, referat og protokollar.

Å berge frå oblivion eller "gløymeboka", handlar om å samle brev, dagbøker, referat, o

rapportar og gjenstandar som kan hjelpe oss, eller historikarane, eller forfatteren, film- og musikalmakaren  å forestille seg korleis det kan ha vore.


Det andre hundreåret (1925-2₩025) er framleis relativt levande i manns minne. I tillegg til dei skriftlege kjeldene er det mogleg å samle munnleg historie og svar på spørjelister. 

Vi synes markeringa av Utvandrarjubileet bør inkludere den fyrste landsomfattende innsamling av munnleg historie I Noreg. Dette er "kjepphest" nummer ein for oss. 

Oss i denne samanheng er Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie. Vi har Inga lang histori. Vi starta opp i 2015, med ambisjonar om å utvikle ein norsk søsterorganisasjon til britiske Ora History Society (stifta 1973) og amerikanske Oral History Association (stifta 1967) Vi er ei grein av Landslaget for lokalhistorie som har vårt fulle fokus på innsamling., dokumentasjon. bevaring og formidling av munnleg kjeldemateriale om levd liv og historisk utvikling. 


Vi arbeider i hovudsak med livsløpsintervju. Som for eksempel dette med Eldrid Johnsen Munck  (https://www.memoar.no/bergen/munck)

Ho var ei av desse som sjølv tok initiativ til å  bli intervjua då ho fekk høyre at Memoar hadde tatt til å samle livshistorier i Bergen. Ho hadde oppveksten sin i hermetikkindustrien på Vestlandet så å seie, Krigsminnene var eit stort avsnitt i hennar livshistorie. Og - heilt uventa for intervjuaren - var migrasjonshistorie og eit stort avsnitt:

Eldrid fekk 14 dagar på seg til å lære maskinskriving og stenografi. I 1949 reiste ho over med Stavangerfjord. Det går igjen i så godt som alle livshistorieintervju: Eit liv handlar ikkje om ein ting. Eit liv handlar om alt mogleg - verdfullt kjeldemateriale om ei lang rekke tema finst i kvart einaste intervju.

Forholdet mellom Noreg og Amerika handlar både om folk som emigrerte, og om folk som kom heimatt. Industrialiseringa av Noreg handla i høg grad om folk som hadde vore over there og henta kunnskapar. kapitial og kanhende fyrst og frems t idear til nye verksemder i Noreg. 


Munnlg historie er eit særs verdfullt tillegg til tradisjonell kjeldeinnsamling. Livsforteljingane inneheld samanhengar som ikkje umiddelbart er synlege i tradisjnell kjeldeinnsamling. Alle som har skrive ei bok basert på ingtervju veit kor mykje tilleggsinformasjon som kjem inn når vi intervjuar. Og kor mykje som berre blir lagra i bakhovudet - fram til oblivion tar seg av det…. 


Munnleg historie handlar om å gi det munnlege materialet ein eigenverdi, og gjere det tilgjengeleg for andre - og gjerne for alle interesserte. organisert i seriar rundt eit tematisk eller geografisk fokus. For eksempel sjøfartshistorie,  brannvern-historie, lokal industri- eller b’ærekraftshitorie og så bortetter. 

Ein stor del av historia om norsk-amerikansk migrasjon er framleis levande minne. Vårt store visjon er ein stor dugnad for å sikre munnlege amerikaminne  for ettertida. Vi er klare til å hovudansvaret for gjennomføringa a v ein slik d Alle desse straumane har bidratt til forminga av det nye Noreg. Det levde livet til desse migrantane inneheld like verdfulle brokkar av historisk kjelcemateriale som Edlrid Munck sine. 


Memoar har nyleg gjennomfrøt eit stort opplærings- og introduksjonsprogram om munnleg historie i Noreg - prosjekt “munnleg historie for alle” der vi har gjennomført kurs og prosjektinitiativ frå Varanger i Nord til Kristiansand i sør. Vi vil gjerne bygge vidare på dette, og ta ansvar for ei ny stor minneinnsamling av historier om migrasjon. Som kan delast av alle som gjerne vil føre sin versjon av historia til torgs, som kan arkiverast av alle som “berre” vil gi sine bidrag til framtidige forskarar - og som kan formidlast i utdrags- eller fjenfortald form i utstillingar, dokumentarfilmaer eøller bøker.