Flora
Publiseringsdato: 11.okt.2019 08:44:54
PLAN: OPPFYLGJINGSKURS I FLORA ER PLANLAGT HAUSTEN 2018.
UTVIKLING AV DELPROSJEKTET KAN FYLGJAST HER: WWW.MEMOAR.NO/FLORA
Kontaktperson i Memoar: Bjørn Enes - bjorn@memoar.no
20/10-19 sende >Memoar dette forslaget til Flora Historielag:
Førebuing:
Flora Historielag tar ansvar for å kontakta personar som kan intervjuast. Det kan vera fint å arbeida vidare med lokal historie og kultur etter den gode starten i fjor. Det kan vera interessant å ta den eine opptaksdagen (evt. ein fjerde dag) på Askrova.
Etter vår erfaring er det klokt å velgja opne og breie vinklingar på minneinnsamlingar, for eksempel “lokal historie”, “Fiske”, "Industriutvikling" el.l..
Forteljaren (den som blir intervjua) bør vera faktisk hovudfokus, hennar/hans livsminner og livserfaringar. Kvart intervju kan gjerne gå djupt inn i særskilte tema - f.eks. lokale krigsminne, eller store hendingar. Problemet med å formulerafor smalt fokus er at vi då lett går glipp av andre og kan hende like interessante ting som forteljaren har opplevd.
Det er veldig gunstig dersom musé/historielag så snart som råd tar kontakt med minst ein (maksimalt 18) av dei som ein ynskjer å intervjua, og gjer avtale om intervjuopptak.
Kursdeltakarane bør orienterast om at dei kan velgja mellom å delta berre på kursdagen (dag 2), kursdagen og ein praksisdag (dag 2 og 3) eller alle tre dagane.
Dag 1 - Intervjuopptak:
Vi har med utstyr nok til tre parallelle opptakstasjonar, og folk til å bemanna to av dei. Vi vil gjerne gjera minst eitt av intervjua sjølve. Det kan gjerast opp til 9 intervju på dag 1. Kursdeltakar(ar) som blir med på dag 1 vil få rikeleg høve til å vera med på opp- og nedrigging av utstyr og å observera, vera med-intervjuar eller intervjuar.
Dag 2 -Kursdag:
Gjennom heile kursdagen vil vi arbeida med eitt av opptakafrå dag 1. Det viktigaste målet med kurset bør vera å “utdanna” folk som kan bli aktive med etterarbeid, dvs dokumentasjon og formidling av innhaldet. Men me skal også bruka eksempelet til å læra om både intervju og munnleg historie allment. Vårt forslag er slik:
09:00 Opning - velkomst - presentasjonsrunde
10:00 Logging - kunsten å definera “perler på ei snor” (Start logging av
eksempel frå dag 1)
11:00 Intervjuaren. Spørsmåla. Magien i den gode samtalen.
Etikk - ansvaret med å attfortelja andres historie.
12:00 Forteljaren - minneteori, kjeldekritikk. “Historie nedanfrå”.
Ytringsfridom. Opphavsrett. Kven eig ei livsforteljing?
12:45 Lunsj
13:30 (Kultur-)historiske emneknaggar: Den kalde krigen -
Den tredje industrielle revolusjonen - Kvinnene - Globaliseringa.
14:30 Vidare logging
15:30 “Memoar i prosessen - Minner for evigheten”.
Publisering på Memoar.no og avlevering til Folkeminnesamlinga gjennom Minner.no
16:30 Vidare planar og evaluering.
17:00 Slutt
Dag 3 - Nye opptak og/eller etterarbeid:
Vi har gode erfaringar med å bestemma innhaldet av dag 3 på “demokratisk vis” på tampen av kursdagen. Vårt forslag vil vera enten å prioriter flest mogleg opptak, eller å prioritera flest mogleg ferdig gjennomførte produksjonar (opptak - dokumentasjon - arkivering/avlevering - formidling).
Etterpå:
Vi har rekna med opp til 20 timar arbeid med dette prosjektet etter at me kjem heim att. Dei kan brukast til:
Klipping av ein fyrste-versjons videofil og opplasting med passord til Vimeo og nettsida www.memoar.no/upublisert.
Rådgjeving over epost eller telefon til lokal redigerar og/eller frivillige som arbeider med dokumentasjon.
Opplasting til Minner.no, publisering på ei eiga side under Memoar.no og/eller på museets/historielagets eigne nettsider.
Oppfylgjing/repetisjon:
Me veit ikkje enno om me vil ha ressursar til eit gratis oppfylgjings- eller repetisjonsbesøk. Men så sant det vil la seg finansiera, vil me gjerne koma på eit nytt besøk etter 3-6 månader for å hjelpa til med å bygga opp eit kontinuerleg arbeid med munnleg historie.
Planlagt kurs og nye intervjuopptak i Florø 13-15.februar. Avventar styrevedtak i Flora Historielag