Hallingdal

Publiseringsdato: 11.okt.2019 06:40:54

PLAN: OPPFYLGJINGSKURS HAUSTEN 2019.

FYLGJ UTVIKLINGA AV DELPROSJEKTET HER: www.memoar.no/hallingdal 

Kontaktperson i Memoar: Bjørn Enes - bjorn@memoar.no 

30/10 - Bjørn sende dette forslaget:

Forslag til program for kurs og intervjuinnsamling  i Hallingdal. 

Mål:

Vår erfaring tyder på at det viktigaste som skal til for at arbeidet med munnleg historie ikkje stoppar opp, er at me klarar å "tenna" og utdannafolk som kan da del i etterarbeidet - særlig det å skriva innhaldsloggar og tekstsamandrag av intervju som er foretatt. Det trengst fleire slike enn det trengst intervjuarar.

Det går godt an å laga opp til 18 intervjuopptak på to dagar - men dersom me ikkje får organisert det månadsverket med etterarbeid som det betyr, går det let i stå. Derfor har me flytta hovudfokus i kurset frå intervju til dokumentasjon. Me trur likevel ikkje kurset blir mindre attraktivt for intervjuarar.

Førebuing: 

Etter vår erfaring er det klokt å velgja opne og breie vinklingar på minneinnsamlingar, for eksempel “lokal historie”, “Yrkes- og arbeidslivshistorie”.  

Forteljaren (den som blir intervjua) bør vera faktisk hovudfokus, hennar/hans livsminner og livserfaringar. Kvart intervju kan gjerne gå djupt inn i særskilte tema - f.eks. lokale krigsminne, store hendingar eller slike prosessar som "Kjerringtorget". Men problemet med å formulera for smalt fokus er at vi då lett går glipp av andre og kan hende like interessante ting som forteljaren har opplevd. 

Det er veldig gunstig dersom musé/historielag så snart som råd tar kontakt med minst ein (maksimalt 18) av dei som ein ynskjer å intervjua, og gjer avtale om intervjuopptak. 

Kursdeltakarane bør orienterast om at dei kan velgja mellom å delta berre på kursdagen (dag 2), kursdagen og ein praksisdag (dag 2 og 3) eller alle tre dagane. 

Dag 1 - Intervjuopptak: 

Vi har med utstyr nok til tre parallelle opptakstasjonar, og folk til å bemanna to av dei. Vi vil gjerne gjera minst eitt av intervjua sjølve. Det kan gjerast opp til 9 intervju på dag 1. Kursdeltakar(ar) som blir med på dag 1 vil få rikeleg høve til å vera med på opp- og nedrigging av utstyr og å  observera, vera med-intervjuar eller intervjuar. 

Dag 2 -Kursdag: 

Gjennom heile kursdagen vil vi arbeida med eitt av opptakafrå dag 1. Det viktigaste målet med kurset bør vera å “utdanna” folk som kan bli aktive med etterarbeid, dvs dokumentasjon og formidling av innhaldet. Men me skal også bruka eksempelet til å læra om både intervju og munnleg historie allment. Vårt forslag er slik:

09:00 Opning - velkomst - presentasjonsrunde

10:00 Logging - kunsten å definera “perler på ei snor” (Start logging av 

eksempel frå dag 1)

11:00 Intervjuaren. Spørsmåla. Magien i den gode samtalen.

Etikk - ansvaret med å attfortelja andres historie.  

12:00 Forteljaren - minneteori, kjeldekritikk. “Historie nedanfrå”.

Ytringsfridom. Opphavsrett. Kven eig ei livsforteljing?

12:45 Lunsj 

13:30 (Kultur-)historiske emneknaggar: Den kalde krigen - 

Den tredje industrielle revolusjonen - Kvinnene - Globaliseringa. 

14:30 Vidare logging 

15:30 “Memoar i prosessen - Minner for evigheten”. 

Publisering på Memoar.no og avlevering til Folkeminnesamlinga gjennom Minner.no

16:30 Vidare planar og evaluering. 

17:00 Slutt 

Dag 3 - Nye opptak og/eller etterarbeid:

Vi har gode erfaringar med å bestemma innhaldet av dag 3 på “demokratisk vis” på tampen av kursdagen. Vårt forslag vil vera enten å prioriter flest mogleg opptak, eller å prioritera flest mogleg ferdig gjennomførte produksjonar (opptak - dokumentasjon - arkivering/avlevering - formidling).

Etterpå:

Vi har rekna med opp til 20 timar arbeid med dette prosjektet etter at me kjem heim att. Dei kan brukast til:

Oppfylgjing/repetisjon: 

Me veit ikkje enno om me vil ha ressursar til eit gratis oppfylgjings- eller repetisjonsbesøk. Men så sant det vil la seg finansiera, vil me gjerne koma på eit nytt besøk etter 3-6 månader for å hjelpa til med å bygga opp eit kontinuerleg arbeid med munnleg historie. 

 

15/10: 

Bjørn skreiv til til AM: "Eg har aqmbisjonar om å laga eit forslag til oppfylgjingsprosjekt i Hallingdal på fredag. 

Det vil i utgangspunktet handla om ein dag opptak, ein dag kurs og ein ny dag opptak. Me vrir litt på fokus - går meir på innhaldet og litt mindre på teknikk. Me tenkjer ikkje lenger at målet bør vera å få flest mogleg til å intervjua - målsetjinga bør heller vera å få fleire engasjer i for- og etterarbeidet: Finna og gjera avtale med viktige kjelder, dokumentsjon etter opptak og - ikkje minst - bruk av munnleg kjeldemateriale i formidling og "vidareforedling". 

Men dette kjem eg tilbake til i forslaget. Det hastar faktisk meir å reisa diskusjonen om når det kan vera aktuelt, og kor det skal foregå. Har du sjansen til å forhøyra deg litt ? 

27/8: Idéstorm i Nesbyen. Konklusjon: Memoar lagar eit forslag til opfylgjing/deltprosjekt 

Nettside etablert www.memoar.no/hallingdal