Krigsminne Nordhordland

Samandrag av Jostein Saakvitne sitt foredrag i Radøy Bibliotek 3. okt. 2017: 

Sist på 1990-talet gjorde Sandefjordsmannen jan Eidi og ei rekke samarbeidspartnarar i prosjektet Norgesdokumentasjon , intervjuopptak med primærkjelder til norsk krigshistorie 1939-45.  Han fekk aldri avlevert dette materialet til noko offentleg arkiv slik han ynskte, men i 2009 overleverte han det til Bjørn Enes som då var leiar av Stiftelsen Neveragain, som samla og dokumenterte munnleg kjeldemateriale om norsk og europeisk krigshistorie. Heller ikkje Stiftelsen Neveragain fekk avlevert sitt materiale, og stiftinga vart avvikla i 2010. Alt materialet var overlevert til Stiftelsen Arkivet i Kristiansand. Memoar vil gjerne gjera alt dette materialet tilgjengeleg på nett og avlevert til offentleg arkiv, slik avtalen var med Jan Eidi, og slik han hadde lova dei han intervjua. 

Jostein Saakvitne 

RADØYDå krigen kom til Noreg, var det tre kommunar på Radøy; Manger, Sæbø og Hordabø. Ein av dei første krigsdagane møttest ordførarane i dei tre kommunane saman med lensmannen og soknepresten. Dei vart samde om at alle skulle bli verande i stillingane sine, for å hindra at tyskarane og NS skulle erstatta dei med nye nazivenlege folk. Ein ville freista å gjera det beste ut av det utan å gå i teneste til okkupantene, trass i at mange meinte at det rette ville vera å trekkja seg frå stillingane sine.

Nordhordland var ikkje av dei regionane som vart hardast ramma av den tyske okkupasjonen, men det var ulikt korleis folk opplevde den nye tida. Nokre stader såg dei knapt ein tysk soldat i desse åra, medan det andre stader var tett kontakt med okkupantene. Dette gjaldt særleg der tyskarane bygde festningsanlegg og andre byggverk. Slikt arbeid førte med seg at mange kunne få godt betalte jobbar i tysk teneste, noko som vekte harme hjå mange. Men det var stor fattigdom, og fleire såg ikkje anna utveg til å brødfø familien. Derimot var det stor harme mot nordmenn som gjekk stort inn i tyskararbeid og tente store pengar på det, som dei såkalla “brakkebaronane”.

Varemangelen var stor, og det var ikkje alle som hadde gard og kunne få mat frå drifta. Dei såkalla forsyningsnemndene fekk ei viktig rolle i fordelinga av varer, der alle viktige vareslag var rasjonerte og skulle fordelast rettferdig gjennom rasjoneringskort. Bøndene fekk ikkje fritt bruka av varelagra sine, men vart kontrollerte av nemndene. Overskot vart rekvirert til offentleg omdeling. Dette var sjølvsagt ikkje alltid like populært.

Dette ga seg utslag i flukt til England for å slutta seg til dei allierte styrkene der. Det illegale arbeidet i Radøy gjekk mykje ut på å organisera fluktruter over Nordsjøen. Fluktarbeidet var særleg konsentrert om Skaganeset. Seinare vart det oppretta fleire lokale motstandsgrupper i Nordhordland, der Bjørn West gruppa i Matrefjella er den mest kjente.

Kvinnene sin innsats har lett for å verta gløymd, i skuggen av meir heroiske forteljingar om menn i strid. Men utan det slitsame kvardagsarbeidet for å halde hus og heim i drift, kampen for å få mat og klede for ein ofte stor familie, ville det gått mykje verre. Matmangelen var stor, trass i arbeidet til forsyningsnemndene, og husmødrene var ofte fortvila over kor lite dei kunne by familien.

Ein må heller ikkje gløyma den store innsatsen som krigsseglarane gjorde, i alliert teneste for å frakta krigsviktig materiell fram til fronten under svært farefulle tilhøve. Her var det fleire frå Radøy som gjorde ein stor innsats.

Meir informasjon om tilhøva på Radøy under okkupasjonen kan du få i minneboka “Krigsår på Radøy”, utgjeve av Radøy sogelag 2011.

MELAND - militære installasjonar

Skjellanger fort vart først etablert i 1939, og skulle saman med Herdla fort sikre det nordre innløpet til Bergen. I 1940 var berre tre brakker og eit par kanonfundament delvis klare.Tyskarane fulgte dei norske planane og fullførte utbygginga av fortet, som stod ferdig i  september 1940 med 3 stk 15cm L/50 Armstrong kanoner som hovudskyts.

Håøy fort vart bygd ut på slutten av 1800-talet, for å beskytte innløpet mot Bergen. I 1940 vart batteriet etter kvart oppgitt, og mannskapet beordra til Voss (Kystartilleriavdelinga på Voss).

Flatøy flystasjon vart teken i bruk den 10. Juli 1920, og heldt  til på området der Frank Mohn as er i dag (eit par av flyhangarane står der framleis).  9. april vart det gitt ordre om å evakuere stasjonen i frykt for tysk angrep. Dei flya som kunne reddast unna flaug vekk, og resten vart øydelagt i det tyske angrepet på Flatøy 20. april. Tyskarane tok seinare over anlegget som sjøflybase.

Det offentlege livet opplevde store endringar under okkupasjonstida. Det nye NS-regimet ønskte kontroll med skule, kyrkje, organisert idrettsliv og politi/rettsvesen. Det kom til store konfrontasjoner på desse områda, då nordmenn nekta å bøya seg for dei nye direktiva om å innordna seg “den nye tida”.

Dette ga seg m.a. utslag i at den norske kyrkja braut med statsmakta. Soknepresten i Manger, Otto Holmås, mista dermed den statlege stillinga si (og løna si) og måtte halda fram som ein slags “privat” prest.

Derimot blanda tyskarane og NS seg lite inn i det lokale kristne lagsarbeidet, som fekk operere relativt fritt. Dette var eit arbeid som stod sterkt på Radøy i denne tida.

500 lærarar som protesterte mot det nye styret vart sendt til Kirkenes, men ingen frå Radøy. Det store fleirtalet av dei lokale lærarane heldt fast på passiv motstand, det er berre kjent eit par lærarar som gjekk inn i NS.

Det organiserte idrettsarbeidet på nasjonal basis vart lagt ned i protest mot innblanding frå dei nye styresmaktene. Derimot oppretta ein lokale idrettsforeiningar, og t.d. mange fotballklubbar såg dagens ljos på Radøy. Dette vart sett på som viktig for å oppretthalda solidaritet og ein fast front mot tyskarane og NS.

Mange ungdomar såg det som si plikt å ikkje berre yta passiv motstand, men og gå inn for aktiv motstand mot okkupantane.

Frå møtet om krigsminne på Radøy 23/10 2017. Frå v.: Jostein Saakvitne, Vegar Toska og Berit Kvalvik

For å holde kontroll på skipstrafikken nordetter frå Bergen, oppretta tyskarane kontrollstasjonen på Flatøy. Alle skip som skulle nordetter fra Bergen måtte innom for kontroll her.

Under okkupasjonen vart Skurtveit stabshoved-kvarteret for Artilleri-Gruppe Hjeltefjord. Denne artillerigruppa var på 9 kystbatteri og 1 torpedobatteri, og hadde som mål å beskytte den nordre innseglinga til Bergen.

 Påbode oppslag i styrehuset, januar 1941:

23/10-2017 - Berit Kvalvik

Men  i desember same år vart det vissnaudsynt å presisera kven denne fienden var: 

(Styrehusoppslaga er ein del av Vegar Toska si samling)

23/10-2017: Anne Elisabeth Waageynskjer velkomen