Berit Oliva Kvalvik


Berit Oliva Kvalvik - Nordhordland - Memoar
08.11.2017 Intervjuar Bjørn Enes 

Del 1:

Les meir

Berit Oliva Kvalvik vart fødd og vaks opp på ein gard på Radøy. Hennar biologiske mor hadde ikkje høve til å behalde henne sjølv, og var tvungen til å gi ho frå seg. Ho var tatt inn i ein familie som hadde fleire born frå før av, men vart behandla på lik linje med dei sine nye sysken. Sjølv visste ho ikkje at ho var fosterbarn før ho var ni år gammal. Gjennom heile barndomen hjelpte ho og syskena hennar til med stort og smått på garden, både dyrehald, såing og høsting, veving og fiske. På skulen gjekk hu to til tre dagar i veka. Bestefaren var mykje sjuk, og døyde tidleg. Heldigvis var bestemora ei driftig dame, og fekk ting til å gå rundt. Ho eigde ein kai som ho leigde ut, og reiste ofte til Bergen for å selje sjømat på torget.

Under krigen var det trange kår på Radøy, som alle andre plassar. I tillegg var det fleire munnar å mette, då ungar frå byen vart sendt til distrikta for å vera trygge. Likevel mangla dei aldrig noko. Då ho overtok småbruket i 1952, hadde ho vore gift i knapt eit år. Mannen hennar jobba i byggebransjen og pendla difor til Bergen i helgene. Saman med borna dreiv ho, praktisk talt, småbruket aleine i mange år, fram til den yngste sonen overtok bruket.

Berit Kvalvik fortel om alt som har med gardsdrift, fiske og alt anna som utgjorde i kvardagen gjennom eit langt liv. Det var alltid noko å gjere, heile året. I januar/februar kom silda, så då måtte ein ut å fiske. I mars vart det raka og rydda på garden, og i april/mai vart det gjødsla og satt poteter. Frå juni til august var det slåttetid, og i september/oktober måtte ein hauste korn og poteter før snøen kom. Utanom dette dreiv ein også fiske heile året, og hadde husdyr å passe, garn å bøte, driftsbygningar å vedlikehalde. Det var travelt, men Berit synest sjølv at ho har vært heldig og hatt eit godt liv.

Intervjulogg (del 1)

00:00

Personalia. Vaks opp på Radøy, Hvitsten. Hus, innmark, utmark, lyng, ikkje skog. Oldermor fortalde at det var mykje skog før, har komt att no. Fann eit brendt lag to meter under bakken.

02:20

Oldemor fortalde om "illgjerningsmenn" som gøymde seg i skogen. Historielaget ville leite etter spor av desse. For tett skog. Var sti før i tida, gjekk på stølen to gonger om dagen fram til slutten av 50-talet.

05:00

Klyngetun. Skilde ut og bygde eigne hus før hennar tid. Husmannsplass lengre sør, "Japalsneset(?)". Bruket på "Morken(?)", mannen døydde frå kone og to born. Fattigkassen. Svogeren til enka klarte ikkje å brødfø enka og borna.

07:30

Enka vart sendt til svigerfaren/faren på Kvister. Naboane ville gi dei jord om kommunen fann ny ektemann til henne. Fekk jord, bygde hus, i same famillien sitt eige ennå. Rundt tre eller fire generasjonar sidan.

09:50

Husmannsplass på Marås, Manger, Vassåtå, står ennå. Liknande ute på Bø. Nokre dreiv nyrydding. Vart skild ut i 1964/65, kjøpte av naboen. Fiske sørga for at dei hadde det bra.

13:30

Lite fint hus ved kaien, bygd av "fanejunker". Litt fine folk. Bestemor vart tidleg enke, overtok kaien. Gjekk med post til "fintfolket". Fine møbler. Borna reiste til Bergen, vart brannmann, telegrafist. Han kom frå Haukeland, ho frå Alverstraumen. Trelitersspann fyld med drops. Stove, småstove og kjøkken.

19:00

Kunne gifte seg med kven ho ville, berre ikkje Haukelandsfolket. Nøytralitetsvakt låg ved kaien, fleire fann seg kjærast frå Hardanger, Høyanger, osv. Bygde nye hus og løe rundt 1920.

21:25

Henta eine stova i Osterfjorden, andre i Sogn. Mykje trekk, isolerte med brakje. Overtok småbruket i 1952, kledde med huntonitt, malte grønt. Tre søner bur rundt, ein på Askøy, dotter på Seim. Alle borna kjem tilbake etterkvart. Veit ikkje kvifor.

27:50

Tilbake til oppveksten. Kaien hadde ikkje plass til butikk. Bestemora reiste gratis til Bergen, selde krabbe. Tente litt på å ha kaien. Radøy hadde mykje "sinnsjuke"-pasientar. Gjekk 7-8 kilometer for å handle på Kolsstad, ryggsekk og sirupsspann. Visste kven som var sjuke, passa seg.

31:10

Bestemora arva huset. Bestefar var prest. To fosterbarn, seks eigne. To døydde av tuberkolose. Ei var hushjelp, ho andre jobba på sjukehus. Hardt liv, levde til ho var 80. Mista livsgnisten då ho vart for gammal til å arbeide.

37:15

Notebu mot Mangerfjorden, salta brisling og sild, leverte til byen, Anger Tveiten, Gjessing, lakseoppkjøparar. Spikra det i kassar. Laksefiske med garn mellom mai og august. Hemmelige fiskeplassar. 5 kr per kg under krigen. Dyrare.

40:00

Bestemor lurde ei fin frue frå Fana, selde ål som lange. Tøff dame. Faste kunder. Fekk egg og melk. Lagde smør, fløyte og rømme. Selde til handelsmannen. Folk døyr om maten ikkje er vakumpakka.

42:50

Seperator. Skilde skumma melk og fløyte. Lagde rømme. Drakk myse (saup). Lagde graut. Tok varene med til Bergen og selde dei. Godt betalt. Kjøper framleis poteter i stor kvanta, 200 kg kvar haust.

48:10

Budde i same huset som bestemor. Ho døyde våren 1942. Hadde kyr. Eigen potebinge i kjellaren. Hesja mykje. Hadde ikkje silo. Dyrka havre. Eit mål med jord. Dreiv vekselbruk med poteter og korn. Eldste sonen lei av ugras.

52:35

Bestefar døyde ung. Far overtok garden. Ville bli snekker, men fekk ikkje gå på skule. Var mykje sjuk, magesår. Torkilsens mikstur. Syskene hans fekk hyttetomt. Eine bror var privatsjofør for Hausvik, andre var politi, torghandlar og eventyrar. Tvillingsyster var gift med politimann.

57:00

Tvillingfødsel, bestemor var 20 år. Heimefødsel. Jenta kom først, men guten kom ikkje. Jordmor gav opp. Rodde til Lindås for å henta doktor Solheim. 1899, ingen telefon. Rodde til Arna og henta frøken Kollerud. Redda guten.

1:00:00

Jobba på Hausvik si skjøyte. Frakta tørrfisk frå nordnorge. 40/50 fot. Førte sauer med kutter. Hadde lakserett og sitjenot mod Odalskaien. Laksebriller. Laksesteinar. Gjekk med varm mat til far.

1:05:25

Gjekk to/tre dagar på skulen, på Kolstø, i all slags vær. Pakka dei godt inn på vinteren, såg ut som mummiar. Utruleg at dei overlevde barndomen.

1:06:34

Redd for havørn, vart sagt at den tok ungar. Ser framleis fiskeørn og havørn. Redd for krabbar. Ormar har faste ruter. Litt rev, meir på 60-talet, drap sauer. Fekk skabb. Sauene lagar ring rundt lamma. Reven døyde ut, kom att.

1:10:20

Hadde kyr, slutta med det. Hadde berre oksar og sauer, 1967/68. Avla dei i to år før dei vart slakta. Mannen hennar var bygningsarbeidar, var med på Vigaren-bygget, Dale kyrkje og fleire hus i byen. Var bas. Bygde løer og siloar.

1:13:00

Ho og borna hadde ansvar for gard og dyr når han reiste til byen, var ofte vanskeleg arbeid, fekk hjelp av naboar. Kyr er farlege, angreip mora. Okse bykste gjennom eit vindauget, "galen i hovudet", advarte sjoføren, blinda stuten, sleit seg ved slakthuset, symde frå sandviken til Nordnes, henta den med båt, skaut den i fjera. Dyr er sære, har rutiner og uvanar. Nervøs ku sparka. Kyr er flokkdyr, slost med kvarandre for å finna "sjefen".

1:20:25

Skar lyng til dyrefor, hakka det i maskinen. Kyrne var utmagra på våren. Grisen fekk poteter. Kyrne fekk salta fisk. Villsau veit kva dei kan ete, et raum og ask, men ikkje selje og hattel.

1:24:40

Hadde grisar på våren til juleflesk. Preserverte mat i snøen, hadde ikkje kjøleskap. Hermetisert kjøt på blikkboksar, og frukt på Norgesglass. Tyttebærsyltetøy heldt seg heile året. Hjalp naboane, sleit seg ikkje ut, fekk mat og kvile.

1:29:00

I dag er det farleg at ungar gjer noko som helst, forstår meir enn ein trur. Miljø. Alt pakkast inn i plastikk, sjølv om det er konservert.


Del 2:

Intervjulogg (del 2)

00:00 Fyrte med torv fram til 1950-talet. Godt brensel. Hakketorv. La vekk det øverste laget. Gravde fleire meter. Henta torv på fjellet og i myra. Tar mange år å vekse tilbake. Farleg å ferdast over utgravd myr. Store røtter.

05:10 Hadde maskin for å prossesere torvet. Tørka torven i 14 dagar. "Krakka" det. Bar heim i kipe, eller i sekk på vogn. Under krigen brant dei kol, støva fælt. Torvknivar og torvspadar. Myrtorven var seig, men hadde mykje brenbart i seg.

12:10 Januar/februar: silda kom. Måtte saltast. Spøting og veving. Vov "kvitlar". Vart "loa" på fabrikk i byen. Vevstol i huset. Begynte veving etter potetene var tatt opp. Fekk sju kroner per lengde. Bøling og strikking. Bøta garn.

16:45 Mars: Rydda garden, raka. April/mai: Gjødsla. "Rydgjeskit" og "einstabne" vart nytta i sauebingen, fanga fukt. Sette poteter. Juni til august: Slåtten. Slo fleire gonger. Hesjing. Silo. Vanskeleg å tørke. Fiska heile året. Sette laksenot. Felles sitjenot.

25:10 September: Hauste korn og poteter før snøen kom. Laga kornband, bunta kornet og hengde det på staurar. Dekka til kornet. Treska kornet i maskin. Drøfta kornet i maskin, skilde det store frå det litle kornet. Fin maskin, rosa, kjøpt på Skur 13.

30:00 Dei fira brukene kjøpte alle dei store maskinane og verktyet saman. Treskemaskin, drøftemaskin, harva. Gjekk på omgang. Malte kornet hjå Tysse mølle. Byta kornet mot havrgryn.

32:05 Segla gjennom Osterfjorden. Segla ikkje nordover. Rodde til byen. Råseglar. Alle jobba saman med dei store oppgåvene. Nabokjerringa brukte potetgrev, kom og hjelpte til når ho var ferdig med sitt eige.

34:15 Mannen hennar kom frå Kvalvik. Dørga og fanga krabbe om sommaren, fanga lyr på hausten. Fjellkipe fyld med "vårmort". Fiska heile året. Sommarsild i august. Salta sild og brisling. Brislingen gjekk inn i vikane og spratt opp på land.

40:00 Notebåtar, kastebåtar, gamlebåten og dorriar. Ofte nordover i Mangerfjorden. Kasta not. Silda kunne sprenge nota om ho vart skremd.

42:20 Hadde kjent mannen sin sidan ho var barn. Rodde til dans. Han jobba rundt omkring før han begyntte i bygningsbransjen. Båten kosta 9 kroner og 50 øre. Tente godt, jobba på akkord, var bas. Bydde på hybel i vekedagane. Gifte seg når ho var 19 og han 24.

45:00 Var einebarn, fire nabojenter, fleire byjenter under krigen. Reiste vekk på arbeid etter konfirmasjonen. Var hushjelp i Sæbø. Gjekk på vevekurs. Mor hadde helseproblem i overgangsalderen. Mannen bygde siloar for sildeoljefabrikk på Sunnmøre. Bror hans vart gift der. Fleire nabojenter vart gift i Bergen.

49:00 Var fosterbarn. Mor hadde helseproblem, var innlagd på Betania-hospital. Komplikasjonar ved førsel, mista ein gut, vart operert, steril etterpå. Mor reiste til Amerika, sende brev heim, ville treffe dottera. Traff mor si i Bergen, fekk gåver. Reiste tilbake til Amerika med Gray Conti. Utveksla brev. Flytta heim att då ho pensjonerte seg.

55:30 Fostermora var redd for å miste henne. Overtok garden då ho var 20. Dreiv i praksis garden aleine, gjekk greit rundt. Har hatt eit godt liv. Var 3 år med buplikt for odel før. Yngste sonen hennar overtok garden. Oldebarnet er eigna til å overta.

Prisvinnar 2021  

"Radøyas mest aktive 90-åring" var attesten FanaSparebank gav Berit Oliva Kvalvik då dei tildelte henne Velfortentprisen i 2021. Les meir om det på Fana Sparebank sine sider