Mally Kjeseth, Radøy

Publiseringsdato: 29.sep.2019 04:56:28

Mally Kjeseth frå Radøy, fødd 1913, var nummer sju i ein syskenflokk på 13. I ein alder av 85 år fortel ho her om livet sitt. Faren og bestefaren var yrkesmilitære. Borna vaks opp på ein gard langt fra byen, og ein måtte sjøvegen når doktor skulle bodsendast. Torv til brensel vart samla heile året, og alt av mat og klær vart produsert heime på garden.  

"Besteforeldra mine budde i huset vårt, og bestefar var svært streng. Men me hadde ei god barne- og ungdomstid. Me hadde ungdomslag, og når me ville danse drog me ut av bygda til andre ungdomshus. Julaftan var ei stor høgtid, medan 17. mai var midt i våronna og var arbeidsdag. Men søndagen var fast kviledag. Eg gifta meg i 1935 og har født fire born. I 1941 braut det ut 17 tilfelle av poliomyelitt her på Radøy. Mange av dei borna som ikkje døydde fekk varig skade. Eg hadde ein son på fire år som døydde i denne epidemien.

9.april 1940 høyrde me på nyheitene kva som var skjedd. Då mobiliseringsordren kom, vart to av brørne mine sende til Voss. Eg var ikkje einig i at Norge skulle mobilisera mot ei så stor overmakt. Det hadde lenge vore nedbyggjing av forsvaret, og då krigen kom hadde me ikkje noko å stille opp med militært, uansett. Me budde på ein veldig roleg gard. Det var ingen tyskarar stasjonert der me budde, og me såg lite til okkupantane. Men eg var redd når eg høyrde flyalarmen og når dei bomba. Eg beundra svogeren min som var lensmann då krigen kom. Han sa opp stillinga si då han fekk påbud om å melde seg inn i NS.

Bøndene var populære under krigen fordi dei hadde mat, og slekt og vener kom til garden vår. Me hadde nok mat, og det einaste eg kan sei om mitt engasjement under krigen, var at me delte all maten me hadde med dei som trong det. Og me tok imot folk frå Bergen som hadde flykta heimefrå.

Det fanst folk i bygda som hadde meldt seg inn i NS. Og det var tronge tider, så det hendte at folk tok seg tyskararbeid for å få til livets opphald. Eg kjente jenter som gjekk med tyske soldatar og vil ikkje døma dei. Me er berre menneske. Det er ein naturleg prosess at kvinner og menn vert tiltrekte av kvarandre. Kjærleikslivet er som døden. Døden kjem og den spør ikkje om du er rik eller fattig."

"Einar Gerhardsen var dyktig. Men så hadde han og medvind med seg! Sjølv stemmer eg Senterpartiet ved alle val, for jeg kjenner meg heime i dette partiet. Utdanninga mi er husmorskule og livets skule, men eg var med og starta Bondekvinnelaget her i bygda i 1951, og har site i styret i Bondekvinnelaget i 22 år."

   

00:15  Barndom og oppvekst

03:00  Julaftan som høgtid

04:00  17.mai

05:05  Ungdomstid; ungdomslag og bedehus

07:30  Bondekvinnelaget etter krigen

09:00  Minne frå krigstida, vitjing av tyske offiserar

11:00  Giftarmål

11:35  9.april

13:50  Politisk syn

14:25  Delte mat

14:45  Fredsdagane

16:16  Tyskarane på Radøy

16:40  Kjente du NS-folk?

17:50  Tyskarjenter

20:20  Ikkje radiolytting

21:26  Kvardagsliv, polioutbrot

22:40  Var du redd?

23:10  Tok imot flyktningar frå Bergen

23:40  Kontakt med tyske soldatar?

24:10  Utdanning, organisasjonsarbeid, politikk, arbeid i Bondekvinnelagt

29:50  Vestlendingar og austlendingar

32:10  Synet på NS

33:50  Rettsoppgjeret

34:40  Det positive og negative ved krigstida, tyskararbeid

36:50  Kven beundra du under krigen?

38:30  Hugsar du spesielle tyskarar?

39:30  Syn på samfunn og politikk i dag