Kurset i 2020

Velkomen til kurs og treningsøkter om munnleg historie og forteljarkunst i Steinkjer

23.-25. sept. 2020

TALE - nettverk for fortelling, Hilmarfestivalen, Egge Museum og Memoar samarbeider om tre dagar med kurs og trening på Egge Museum i Steinkjer. Munnleg historie og forteljarkunst er på mange måtar "to sider av same sak": medan Memoar har som hovudfokus ta vare på og dokumentera munnleg kjeldemateriale, så har Midtnorsk Fortellerforum som hovudfokus å dyrka dei munnlege formidlingstradisjonane, både som folkeleg tradisjon og som kunstart. Hilmarfestivalen på sid side starta som ein folkemusikkfestival. Men dei siste åra har innhaldet i festivalen blitt utvida til også å omfatte andre sider av den immaterielle kulturarven - og dermed både munnleg historie og forteljarkunsten.

Påmelding her eller telefon 92840553

I løpet av dei tre dagane skal vi lære av kvarandre - og eksperimentere med nye måtar å samarbeide på.

Vi skal gjennomføre og dokumentere intervjuopptak med verdi både som historiske/kulturhistoriske kjelder og som kjelder til utvikling av forteljarkunst. Og vi skal arbeide vidare med kjeldematerialet og "knekka kodar" for korleis autentiske forteljingar kan "vidareforedlast" til scenekunst.

Manual-Memoarmetoden

Kanskje skal desse tre dagane starte ein prosess som skal bli synleg alt under festivalen i 2020.

Detaljar i programmet i store trekk blir det slik:

Onsdag 23. sept.

Kl. 10:00 - 12:00:

Frammøte - presentasjonsrunde. planar for dei tre dagane. Litt generelt om munnleg historie og forteljarkunst. Om aktiv lytting og leiting etter gullkorn og notering av tidskodar.

kl. 12:00 - 12:30:

Lunsj.

12:30 - 14:00

Intervjuopptak 1. Bjørn Enes intervjuar Eina Ludmille Herrman (80). Vi andre er observatørar og kanskje medintervjuarar.

(Klokke for lik notering av tidskodar går under opptaket)

14:00 - 14:30 - Pause

14:30 - 16

Intervjuopptak 2. Beate Heide intervjuar Svein Karlsen (70). Vi andre er observatørar og kanskje medintervjuarar.

(Klokke for lik notering av tidskodar går under opptaket)

kl 16:00 - Slutt dag 1.

Torsdag 24.sept

Kl. 09 - 11:30:

Vi diskuterar opptaka i går - både om intervju-metode og om innhaldet i intervjua. Verdien av opptaka som historisk og kulturhistorisk kjeldemateriale. Vi leitar etter særskilte "gullkorn" eller "nøklar" som kan eigne seg i formidling. Og vi diskuterar forteljarmåtar og korleis slike intervju kan vera "råstoff" for forteljarkunst.

11:30 - 12:00 - Lunsj.

12:30 - 14:00:

Om munnleg historie: Visjonen om store samlingar av munnleg kjeldemateriale - eit "munnleg riksarkiv" - dokumentasjon og emneord ("logging") av munnlege kjelder - infrastruktur for samarbeid og deling - formidling - (tagging - geolokasjon - stubbar - musé - skuleprosjekt - den internasjonale oral history-rørsla - Senter for munnleg historie.

14:00 - 14:30 - Pause

14:30 - 15:30: Planar for morgondagen: la oss lage forteljingar.

15:30 - slutt

Fredag 25. sept

kl. 09:00 - 11:30:

Om forteljarkunst: Kva gjer ei forteljing til kunst? Ulikskapane mellom skriftleg og munnleg kultur. Det du seier og det du gjer - ord kontra kroppsspråk. Det du seier og det du ser - ord kropp og indre bilde. Litt dramaturgi. "Orkanens øye".

11:30 - 12:00 - Lunsj

12:30 - 14:00:

Vi arbeider med å utvikle element frå intervjuopptak onsdag til forteljingar. (4 Gruppearbeid). Kroppsspråk, komprimering, forsterking. Kommunikasjon med publlkum. Etikk.

14:00 - 14:30: Pause

14:30 - 15:30:: Premiere på fire anslag til forteljingar. Planar framover mot Hilmarfestivalen. Evaluering.

15:30 < Slutt - Middag for alle som har tid.

Kursleiarar:

Cathrine Hasselberg, Memoar,

Beate Sofie Heide, Midnorsk Fortellerforum

Bjørn Enes, Memoar

Kari Hustad, Midnorsk Fortellerforum

Kurset starta onsdag 23. september. To intervjuopptak vart gjort i løpet av den fyrste dagen:

Kjell Haugan vart intervjua av Bjørn Enes på Egge museum i Steinkjer 23. september 2020, under eit kurs som var eit samarbeid mellom Memoar, Tale nettverk for forteljing, Egge useum og Hilmarfestivalen. Intervjuet handla om Kjell Haugans livserfaringar som grüunder og utviklar både innan næringsliv og kulturliv - nært knytta til utviklinga i Malm og malm Gruveteater. Intervjuet er inntil vidare sperra med passord. Spørsmål om passordet må rettast til Kjell Haugan.

https://eggemuseum.no/