Hovudprosjekt i utvandraråret:
Amund Utne satsa framtida si på Salhus Veveri. Men ikkje lenge etter at han var ferdig med utdanninga, vart veveriet nedlagt. Og 12 år seinare var også Tikotasjen historie. Hans livsforteljing er ei fargerik mikrohistorie om industrielle endringsprosessar - og om Bergens internasjonale sjel. Intervjuarar blir Kari Thorkildsen og Bjørn Enes.
Amund Christian Utne vart intervjua i studio i Bergen off. Bibliotek i fleire omgangar hausten 2022. Intervjuar var Bjørn Enes. I Del 1 fortel han i hovudsak om oppvekst i Bergen og Salhus. Faren var sjøkaptein og segla under heile krigen, og kom ikkje heim før i 1946. Under delar av krigen budde dei derfor hos besteforeldra, som dreiv veveriet i Salhus. Då huset til besteforeldra bli rekvirert som kommandantbustad måtte dei flytte til Geilo. Videoen er sperra med passord fram til han eventuelt gir sitt samtykke til å ta det bort. Intervjuar var Bjørn Enes.
I Del 2 fortel Amund Utne farens historie om torpederinga og forliset av MS "Siranger" i oktober 1943, før han held fram historia om sine studieår i Tyskland, arbeid på tekstilfabrikk i Sveits, ein periode på veveriet i Salhus og eit tiår i Irland. Mot slutten av Del 2 kjem han inn på starten av interessa for havbruk og oppdrettsnæring. Ein grundigare innhaldslogg er under arbeid. Videoen er sperra med passord fram til Utne har gitt samtykke til at det kan fjernast. Intervjuar var Bjørn Enes.
I Del 3 fortel Amund Utne litt meir om tidlege erfaringar med yngelproduksjon og oppdrett i Irland, før han fortel om flytting til Cayman Island der han bygde opp oppdrettsanlegg for reker. Etter fleire års drift der, fekk han spørsmål om å ta over leiinga av eit større rekeoppdrettsanlegg på Hawai. Etter noko tvil tok han mot tilbodet - og dermed blei Hawai hans arbeidsplass gjennom ei lang årrekke. Då han nærma seg pensjonsalder, flytta han heim til Noreg. Her vart han mistenkt for å ha drege unna skatt, og måtte bruke lang tid på å reinvaske seg. Mot slutten av samtalen gjer han seg refleksjonar om det å vere norsk i internasjonalt arbeid og forretning. Ein grundigare innhaldslogg er under arbeid. Videoen er sperra med passord fram til Utne har gitt samtykke til at det kan fjernast. Intervjuar var Bjørn Enes.
Det står at å skrive ein meir detaljert innhaldslogg som gir oversyn over intervjuet minutt for minutt. Dette er eit stort arbeid som dessverre vil ta noko tid, for det må gjerast på fritida.
Dersom nokon kan tenkje seg å hjelpe til med dette, er det svært velkoment å ta kontakt - med post@memoar.no eller direkte til ansvarleg for dette intervjuet - bjorn@memoar.no
Les meir under Dokumentasjon - og sjå gjerne gjennom denne kursvideoen: