Beredskap
Hendingar som endrer historia vår
George Floyd
Saman med LEV (Lift Every Voice) samla Memoar inn munnleg historie om demonstrasjonane i som oppsto i kjølvatnet av drapet på George Floyd i Minneapolis, USA 25. mai 2020. Intervjua ser du i utstillinga "Din pust, din stemme" på Oslo Bymuseum 2022-2023.
UKRAINA
Flyktningar frå Ukraina fortel om krigen. I land der folkestyret er trua, blir våre søster-organisasjonar knebla og arkiva øydelagte. Akkurat no er demokrati og mangfald i dei historiske kjeldene for framtida viktigare enn nokon gong.
Pride 2022
På Memoar sommarskule 2022 i Oslo, intervjua vi folk som deltok i paraden og støttemarkeringa etter skytinga utanfor London pub 25. juni 2022. Dette er starten på innsamlingar om kjærleik i samarbeid med Skeivt Arkiv.
korona 2020-2021
I april 2020 tok Memoar til å samle inn munnleg historie frå koronapandemien. Smittevernreglane gjorde det vanskeleg å møte folk for intervju ansikt til ansikt. Derfor tok vi i bruk videokonferansar som intervjuverktøy.
klima og natur
Det grøne skiftet i Memoar skal skape intervjuprosjekt om natur, klimaendringer og miljøtruslar. Kva er det som skjer i lokalsamfunna våre når miljøet rundt oss ikkje lenger er til å kjenne igjen? Vi deltar i internasjonale innsamlinger.
Koronapandemien skapte ein bråstopp for innsamling av munnleg historie. Vi kunne ikkje lenger snakke saman ansikt til ansikt. Men som i resten av samfunnet blei situasjonen snudd til nye metodar og utvikling. Beredskap blei ein ny kategori for innhald.