Korleis fortelje?

Har du blitt spurd om å bli intervjua? Eller lurar du på om du skal melda deg på? Her fortel Bjørn Enes om kva det går ut på

Du kan dele di forteljing på fleire måtar:

Du kan bli intervjua i eit av dei eksisterande prosjekta våre. Dei aller fleste videointervjua vi gjer, blir gjort i samarbeid med museum, historielag og andre som ønskjer å samle inn munnleg kjeldestoff på denne måten. Nokre av dei er geografiske. Andre er tematiske. Ei oversikt finn du her. Kanskje finn du eit prosjekt som passar deg, eller eit tema som du kan fortelje om. Intervjua skjer anten andlet til andlet, eller så kan du sitja heime og bli intervju i videokonferanse eller med telefon. Særleg i prosjektet "koronaens tid" har mange blitt intervjua gjennom skjermen.

I særlege tilfelle gjennomfører vi intervju også utanom samarbeidsprosjekta. Dersom ingen av prosjekta høver, kan du ta kontakt med oss på post@memoar.no.

Eit anna alternativ er å skrive og sende inn bilder, lyd- eller videoopptak til ei av innsamlingane i Minner.no. Du kan fortelja til ditt eige mobiltelefon-kamera, eller få ein ven til å intervjua deg. I Bergen, Kristiansand og Øygarden kan du låna eit studio på biblioteket.

Du kan bli med på kurs.

- og du kan sjølvsagt skrive boka om dine livserfaringar.