Semir Mujk

Semir Mujkic - Migrasjon - Memoar
20.11.2017  Intervjuar Bjørn Enes
Semir vaks opp i Tuzla i det gamle Jugoslavia.  Han tok utdanning som klassisk musikar og er no musikkterapeut i Kristiansand.

LES MEIR

Frå slutten av 1980-talet vaks spenningane i Jugoslovia, og sjølv om det ikkje var sterke motsetningar lokalt i Tuzla, nådde  borgarkrigen etter kvart fram der og. Semir og kona forsto at det var i ferd med å bera galt av stad, tok sonen (3år) og nokre få ting med seg og sette seg i bilen. Ikkje langt frå byen kom dei til ei militær vegsperring - der fekk dei høyra at krigen o var i full gang attom dei.  Dei hadde ingen plan, ville berre vekk - og køyrde mot nord. Til sist havna dei i Noreg. Semir fortel om ein svært vanskeleg periode med djup depresjon som asylsøkar. Til slutt tok kona tak i han og sa at han måtte slutta å syrgja og koma seg i gang med eit nytt liv. Han fekk bli med på eit kurs om musikkterapi på Sandane i Sogn og Fjordane. I dette intervjuet fortel han om ei lang historie der migrasjon og musikk er to vikgtige gjennomgangstema. I dag arbeider han som musikkterapeut med born og unge. "Mine eigne livserfaringar er en viktigaste ressursen eg har når eg møter unge menneske som har det vanskeleg" seier han.  


BAKGRUNN:

INTERVJULOGG

Tuzla, 15/4 1992:

15. mai 1992 kom krigen til Tuzla. Avtalen var at dei delane av den jugoslaviske hæren som skulle over på serbisk side, skulle trekke seg ut i ei lastebilkolonne. Operasjonen gjekk etter planen - heilt fram til dei siste bilane. Då starta skyting. I løpet av kort tid vart femti menneske drepne og fleira av bilane sett i brann. Det viste seg at dei var fullasta av militære eksplosivar. Brannane varte gjennom heile natta. I ei leilighet med utsikt til vegkrysset der dei mest dramatiske hendingane gjekk føre seg. tok ein tilskuar opp vcideo så lenge han hadde film. Det er den videoen du kan sjå her: