Sist på 1960-talet bles det opp til endring i Noreg. Nye tankar, meiningar og subkulturar grodde fram. Nokre ble "mainstream". Andre finst berre i minneverda.
Nå vil Memoar samle, ta vare på og dele munnlege og skriftlege minneforteljingar frå desse endringstidene.
Vi har alt starta ein serie livsløpsintervju med personar som på ulike måtar tok del
Vi samarbeider med Folkemuséets innsamlingsverktøy Minner.no om å oppmode folk til å skrive om sine minner
Og vi samarbeider med andre for å digitalisere gamle fanziner og andre trykksaker som ikkje alt er arkiverte, og avlevere dei til Nasjonalbiblioteket for arkivering og tilgjengeleggjering.
Vi oppmodar alle som kan tenkje seg å bidra til å ta kontakt - skriv ein epost til post@memoar.no. Utgangspunktet er dette utkastet
(Gruppa som arbeider med prosjektutviklinga får tilgang til å samarbeide om dette dokumentet. Førebels gjeld det Cathrine Hasselberg, Audun Engh, Jostein Saakvitne og Bjørn Enes) .
Opptak av den aller fyrste digitale minnedelinga. Som alle eksperiment vart det ganske annleis enn vi hadde venta. Mellom anna møtte berre to opp! Men dei gjennomførte - og det gav meirsmak:
Parallellt med Memoar-prosjektet Motkultur har Folkemuseets innsamlingsportal Minner.no opna innsamling av skriftlege minneberetningar.
Det fyrste eksperimentet med å samle munnlege motkulturminner - personlege forteljingar frå opprørsåra midt på 1960-talet og utover -70 og -80tal - blei gjennomført den 18. mai . Etter oppmøtet å dømme, har dei primærkjeldene vi tenkjer på blitt meir varsame med åra :-) I alle fall var det berre to som møtte: Audun Engh og Bjørn Enes. Men dei gjennomførte - og sette ein mal for korleis det kan gjerast.
Planlagt dato (24/8-21) har heller ikkje fått påmeldingar, så eksperimentet er inntil vidare lagt på is. Men den skriftlege innsamlinga går vidare, Gå til innsamlinga her
Memoar sitt motkulturprosjekt starta handlar om å samle munnleg historie om subkulturane som oppsto etter sterke impulsar fyrst og fremst frå USA på 1960-talet. Utgangspunktet var fascinasjonen for nye framtdsscenarier, slik den nye science fiction-litteraturen opna for.
Initiativet til å starte dokumentasjonsarbeidet var teke hausten 2015 av to veteranar frå det fanniske miljøet på Vestlandet - Jostein Saakvitne og Arild Værness.
Les meir på bloggen Motkultur70.blogspot.com
Fylgj prosjektutviklinga på prosjektweb'en
KaJ Skagen (til v.) og Jostein Saakvitne.