Håkon Drange
Les meir
Håkon Drange var 16 år då krigen slutta. Det var vekebladet "Skib O' Hoi" som planta lysta til sjølivet i han. Men han måtte vente til han var 18 før han kom ut. I mai 1947 mønstra han på damptankaren "Tiger" som då låg i dokk i Fredrikstad for å lappe kulehol frå krigen og byggast om frå kolfyr til oljefyrt kjele. Så gjekk det ikkje betre enn at oljetanken eksploderte - og fyrstereisa begynte med tre månader i dokk på Akers Mekaniske - dokka finst enno, som småbåthamn på Aker Brygge....
Det er litt mykje bakgrunnslyd på dette minneopptaket - Håkon Drange melde seg spontant til å fortelje etter den "offisielle delen" av eit minneopptak med publikum på Bergen Sjøfartsmuseum den 18/10-2015. Det er dette publikumet me høyrer i bakgrunnen på opptaket.
intervjulogg
Håkon Drange fortel om:
Kvifor han vart sjømann
Fyrstereisa mai 1947 - våren 1948
Mosquitofarten på Aruba (nederlandske Antiller)
Sjømannskyrkja der
Mannskapsutskifting
Aircondition / standard ombord
Turen heimover
Korleis han vart stuert
Krigsseglaren "Stillehavbets skrekk"
Bryllupp og familieliv
Rasjonaliseringane på 60- og tidleg 70tal
Båtane D/T "Tiger", MS "Risanger", MS "Høyanger".
Og litt om 23 år som terminalarbeidar på skur 22 på Dokkeskjerskaien