Edmund Hellman

Edmund Hellman - Sjøfart - Memoar
26. september 2016. Intervjuar Bjørn Enes: Edmund Hellman hadde knapt sett sjøen då han bestemte seg for å ta eit firemånaders kurs på Risøy Folkehøgskule for sjøfolk i 1954.

les meir

Fire månader seinare fekk han si fyrste hyre på M/S "Avance", som tilhøyrde Jens Henriksen rederi i Risør.Han møstra på i Antwerpen, hadde fyrste landlov i Puerto Rico og vart så gåande i to år i sukkerfarta mellom Karibia og den amerikanske austkysten. Han trivdest betre enn han hadde gjort nokon gong: "Eg ville ikkje heim att. Sjølivet var blitt den nye heimen min!" Fortel han i dette opptaket frå august 2016.

Han gjekk frå båt til båt - stort sett på Amerika, Sør-Amerika og Fjerne Austen. Korte opphald i land var den einaste avvekslinga frå livet ombord. Han gløymde reint å tenkje på å sende brev til dei der heime. Kvar gong han fekk høyre at båten han var på skulle til Europa, mønstra han av. Bortsett frå ein gong då han ikkje fekk slutte, og rømte i staden. To gonger, frå same båt. med det resultatet at han vart svartelista og blei gåande på bommen i New Orleans. "Det var ei herleg tid!" Seier han no.

Han fekk vener, både ombord og i land. Og han fann kjærleiken - igjen og igjen. Då han til sist sette kursen heimover kom han nygift frå Japan. Då fyrst kom han på at han berre hadde gitt eit einaste livsteikn frå seg på 12 år. Det var eit telegram om å sende pengar den gongen han fekk krav om å erstatte rederiet sine kostnadar med rømingane...

"Eg angrar ikkje på nokon ting - det har vore eit herleg liv! " seier han. Han segla alltid i maskinen eller som reparatør. Då rasjonaliseringane sette inn gjekk han i land - for snart å reise ut att som reiserparatør for Øgrey Mekaniske og som Nordsjøarbeidar. Det var i Nordsjøen han trefte si noverandre kone - og det var ho som henta han til Bergen.

Intervjuet vart gjort i Studio 1 i Bergen Bibliotek den 26. september 2016. Intervjuar var Bjørn Enes .

intervjulogg


27:50:00

29:25:00

33:00:00

Mytane om Bermudatriangelet

Storm i Sør-Kinahavet

Dekk og maskin