Anna Jorunn (Kleppe) Bjorøy

Anna Jorunn Bjorøy vaks opp på Kleppe, i eit lite hus med to systre, foreldra, besteforeldra, onkel og tante. Jentene måtte bera klårvatn frå elva kvar dag, til folkje og til dyra. Dei haddee kyr, sauer, høns og ein hest. Hesten var rett nok mest på stas - han åt mykje og gjorde lite. Far var fiskar, som bestefar. Dei åt fisk til middag kvar einaste kvardag. Dei dei ikkje åt sjølve, leverte far eller bestefar på mottaket i Håkonsundet. Mor stelte garden. Om vinteren var far vekke på fiskje mange månader. Det var koseleg å vera aleine med mo, men Annao var redd når det var mørkt. Ikkje for vanlege tussar og troll, men for Bakketenten. Det har vore ei kollosal utvikling i Anna Jorunn si tid: Dei fekk straum og elektrisk komfyr i 1951 eller 52, hennar fyrste symaskin fekk ho i 1964, vaskemaskin i 1967, kjøleskap og vassklosett like etterpå, sertifikat i 1972, oppvaskmaskin i 1978 og i 1982 gjekk ho på sitt fyrste datakurs. I 1992 fekk ho modem. Ho gifta seg tidleg - då ho var 25 år hadde ho fem born. Saman med Odden flytta ho inn i nytt, stort, moderne hus med innlagt vatn og straum og heile 85 kvadratmeter buareal. Det seier sitt om utviklinga at ho i dag lever aleine - i eit lite, koseleg hus på seg sjølv på 129 kvadrat...

Intervjuopptaket vart gjort i Sund Folkeboksamling 24. mai 2017. Intervjuarar var Bjørn Enes og Bente Fosse. Dokumentasjonen er gjort av Bjørn Enes.

Diirekte adresse til denne sida er Anna.Jorunn.Bjoroey.Memoar.no

Stikkord om innhaldet i intervjuet:

Tala til venstre er tidskodar - timar, minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare. Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta timar (h), minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa: https://vimeo.com/221239155#t=0h37m54s )