Hovudprosjekt i utvandraråret:
Kåre Emil Haugland vart intervjua av Bjørn Enes i Tinghuset i Uggdal, den 16. desember 2024. Opptaket er sperra med passord fram til Hauglandhar gitt sitt samtykke til at det blir fjerna. Eventuelle spoørsmål om passordet må rettast til Haugland.
Sjå meir på www.memoar.no/tysnes.
I dette intervjuet fortel Kåre Emil Haugland om oppveksten sin på Onarheim, og ætta si. Han startar med å fortelja om oldefaren sin på farssida, Ingemoor, som var fødd i 1849 og gifte seg med Kristi frå Solheimsdalen. Dei fekk sju ungar og budde først i Solheimsdalen før dei flytta til Torkjeltunet.
Haugland fortel om farmora si, Malene Kristine, som ville gifte seg med ein dreng frå Island. Men foreldra hennar hadde sterke motforestillingar mot dette. Dei unge gav etter, og drengen som heitte Jon reiste attende til Island. Men då var Malene med barn. Jon stifta seinare familie på Island. Barnet vaks opp hos besteforeldrene sine - og seinare i livet vart han far til Kåre Emil.
Vidare fortel Haugland om Ingeborg, søstera til farmora hans, som òg fekk eit barn utanfor ekteskap. Han nemner òg onkelen sin, Elias, som emigrerte til Amerika.
Haugland skildrar barndomsheimen sin, der fleire generasjonar budde saman. Han fortel om huset, dagleglivet og nokre spesielle hendingar, som då gamle Besto gjekk seg bort.
Han kjem òg inn på forholdet mellom dei ulike familiemedlemmene, mellom anna at det ikkje alltid var like godt.
Haugland fortel om korleis faren hans reiste til Rosendal for å jobba for tyskarane under krigen for å tena pengar til familien. Han nemner òg ein nabo som dreiv med svartebørshandel.
Seinare i intervjuet skildrar Haugland tunet der han vaks opp, med storvågen, skytjo og vedahuset. Han fortel om korleis dei vaska klede og bar vatn.
Avslutningsvis kjem han inn på korleis han som ung vaksen valde å byggja nytt hus for familien, og seinare sine opplevingar til sjøs og problem med helsa.