Hovudprosjekt i utvandraråret:
Sportsklubben Djerv har vore ein viktig del av lokalmiljøet på Møhlenpris i Bergen i over hundre år. I løpet av den tida har ein betydeleg del av medlemmene blitt kvalifiserte for medlemskap i Gubbelaget. Det er ikkje lite historie - og ikkje få historier - som har blitt samla opp i den gjengen etter kvart. Den 25. februar 2020 delte fem av dei nokre av sine minne med Ada Freng, Margun Boge og Bjørn Enes frå Memoar. Det vart gjort opptak av seansen, og alle dei fem sa ja til publisering.
Publiseringsdato: 08.sep.2020 08:21:49