Gode spørsmål

Intervjuaren si viktigaste oppgåve er å lytte til forteljaren. I dei beste intervjua fortel forteljaren fritt, om tema som forteljaren sjølv er primærkjelde til. Men intervjuaren bør også passe på at det som blir fortalt har nok detaljar til at forteljinga er meiningsfull også i framtida.

"Kva meiner du med øygard?"

"Korleis var reglane i den leiken?"

"Kven var du saman med då?"

"Kva står den forkortinga for?"

Spørsmåla bør vere opne, ikkje lukka. For opptaka sin del er det lurt at intervjuaren er stillast mogleg. Vis at du lyttar med nikking, mimikk og kroppen elles, men så lite som mogleg ved hjelp av lyd.

Mange har arbeidd med spørsmål for å dokumentere dagleglivet og enkeltmenneska sine minne. Eit døme er Norsk etnologisk gransking som har arbeidd med spørjelister sidan dei blei oppretta i 1946. Frivillige over heile landet har laga skriftlege svar som er lagra i NEG sitt arkiv på Norsk Folkemuseumn. Etter 2016 er denne formen for minneinnsamling blitt digitalisert: Det går framleis an å delta på gamlemåten, men i dag er det meir vanleg å gi sine bidrag gjennom Minner.no. Der er det laga ein serie spørsmålslister som dei ynskjer at flest mogleg skal svare på.

Svarsamlingane er ein verdfullt materiale for forskarar, lokalhistorikarar og andre kulturarbeidarar både i dag og i framtida. Dei er ein vesentleg del av vår felles hukommelse.

Nå er det også mogleg å avlevera fotografi, lyd- og videoopptak til Minner.no. Innslaget av munnleg kjeldemateriale vil truleg auka sterkt i åra framover.

Memoar samarbeider nært med NEG om den vidare utviklinga av Minner.no som ein kanal for privatpersonar til å avlevera skriftlege, visuelle og munnlege minner.

https://minner.no/tema/korona

Dei nye innsamlingane gjennom Minner.no:

Sjå alle på Minner.no