Gro Elisabeth Bastiansen - om vidaregånde skule

Publiseringsdato: 05.mai.2020 06:32:42

I vidaregåande skule - i alle fall i Fyllingsdalen i Bergen - dreiv lærarar og elevar kvarandre slik opp i tempo og produktivitet at rektor måtte gripe inn og få dei til å roe seg. Det uvante med å ikkje reisa til skulen, men arbeida heime og kommunisera på video var faktisk positivt, i alle fall for nokre. Gro Elisabeth Bastiansen som fortel om dette til Bjørn Enes frå Memoar, er redd at andre kan oppleva det motsatt. Det er vanskelegare å vite korleis dei har det - mange vel bort kamera, slik at ho ikkje kan sjå dei sjølv om dei snakkar saman i videokonferanse.Gro Elisabeth Bastiansen: https://minner.no/tema/38/1700