Lars Ole Hafsmo - om musikk

Publiseringsdato: 05.mai.2020 06:48:44

Mosjøen er som eit Tjernobyl, i koronaens tid. Det er ikkje eit menneske å sjå ute. Berre Lars Ole Hafsmo, utanfor kafeen, med gitaren og mikrofonen. Og vennina Tove som filmar med ein gamal iPad. Han skulle vore på eit eldresenter. Men der slepp ingen inn, og dei som bur der får ikkje samlast heller. Så kom han på dette med iPaden og YouTube. Og så blei det ein heil serie av det. Og fleire tilhøyrarar enn han nokon gong har hatt. Dette hadde han aldri kome på utan koronaen. Han trur han kjem til å halda fram. Saman med Tove, ein anonym ven og tøydokka Kåre.

Intervjuar er Bjørn Enes frå Memoar.