Publiseringsdato: 12.okt.2019 09:17:57
Olav Erik Sørensen fekk dimme før tida av di han hadde fått jobb på Falconbridge i juni 1972. Der blei han verande arbeidslivet ut. Han vart skiftarbeidar - alltid på B-skiftet - på våtsida, og var frå fyrste dag involvert i utviklinga av det som skulle bli den nye klorluteprosessen. Då KLanlegget sto ferdig like før jul i 1974, var var han mellom dei fyrste skiftfolka som tok til å arbeide der. KL-prosessen starta som eit lite sidespor til hovudprosessen. Gjennom eit samanhgengande, intenst utviklingsarbeid dei neste 12 - 15 åra, tok den nye prosessen over meir og meir av sirkulasjonen, og i siste halparten av 1980-åra var den gamle Hybinetteprosessen historie. I dette opptaket, som vart gjort heime hos han den 4/12 2015, fortel han både om den industrielle revolusjonen han var med på i produksjonen - og "etterpelet" som han opplevde i dei administrative avdelingane då han gjekk over til å arbeide på hovudlageret frå 1996.
Kort fortald, handlar Sørensen si forteljing om korleis dei gamle skilelinene - mellom tørrside og våtside, drift og vedlikehald, administrasjon og produksjon - forsvann, korleis operatørrolla endra seg og "blanda seg inn" i nær sagt alle tilgrensande arbeidsområder: Vedlikehaldsfolka sine, formenne sine, ingeniørane sine - og ikkje minst administrasjonen sine.
Han konkluderer med at det bestemt har vore ein revolusjon. I 1974 produserte Nikkelverket omlag 25.000 tonn nikkel til standard kvalitet med 1.600 mann. I dag produserer 550 mann omlag 100.000 tonn høgkvalitets nikkel. Den viktigaste forklaringa er at dei gamle skilelinene - hierarkiet - vart borte og at alle vart involverte i utviklingsarbeidet.
Direkte adresse til denne sida er www.memoar.no/nikkelverk/soerensen
Intervjuar er Bjørn Enes
Stikkord i forteljinga: (Sjå peikarar til stikkorda her)
23:16:00
24:10:00
25:23:00
Tre mann på Klanlegget
Ingeniørrunden
Gamal og ny prosess