Forslag

Styret har utarbeidd fylgjande forslag til endring av vedtektene (Setningar markerte med raudt går ut - setningar markerte med blått går inn):


Vedtekter - vedtatt på årsmøtet 18/3 2021:


'1. Foreininga Memoar er stifta i Bergen 2. juli 2015 

Organisasjonen skal nytte vedlagte logo, og mottoet "Alle har ei forteljing å dele".

2. Formål: Memoar skal fremje ein kultur for å ta vare på og dele munnlege forteljingar om levd liv.

3. Oppgåver:

Memoar skal arbeide for

4. Medlemskap: Alle er velkomne som medlem, så sant dei deler interessa for Memoar sitt formål, og respekterer verdien av andre sine forteljingar, uavhengig av hudfarge, nasjonalitet, etnisk opphav, religion, livssyn, legning, leveform, orientering eller funskjonsevne.

Alle medlemmer skal betale kontingent. Kontingenten vert bestemt på årsmøtet.

5. Årsmøtet er høgaste myndighet i Memoar. Alle medlemmer som har betalt kontingent har rett til å møte på årsmøtet, med ei stemme kvar.

Årsmøtet skal haldast i  vårhalvåret kvart år. Det skal kallast inn med minst 14 dagars frist, og innkallingane skal gå til alle medlemmer gjennom epost, nettside og sosiale media der Memoar har ein profil.

Årsmøtet skal gjere vedtak om

To av deltakarane på årsmøtet skal velgjast til å gjå gjennom og stadfeste at protokollen er rett ved å signere han saman med protokollskrivaren.

6. Styret: Leiinga av Memoar skal utførast av eit styre på  tre til sju personar. Dersom det er stemmelikhet i styret, skal styreleiaren ha dobbeltstemme. 

Styret skal veljast på årsmøtet, for eitt år kvar gong.

Årsmøtet skal også bestemme kven som skal vere leiar av styret og dermed av organisasjonen. Annan arbeidsdeling i styret avgjer styret sjølv.

Dagleg leiar av Memoar skal vere redaktør av organisasjonen si publikumsretta nettside.

7. Konfliktar: Dersom nokon nyttar sitt medlemskap til hatefulle, diskriminerande, hånande eller trugande ytringar, skal ho eller han melde seg ut eller bli ekskludert frå Memoar av styret, årsmøtet eller ekstraordinært årsmøte

Dersom det oppstår ein heilt spesiell situasjon som 20% av medlemmene eller 1/3 av styret vil at heile organisasjonen skal ta stilling til, må det kallat inn til ekstraordinært årsmøte. Eit slikt møte skal berre drøfte og gjere vedtak i den saka som det har blitt kalla inn for å handsame.

9. Oppløysing av organisasjonen

Dersom to tredeler av dei som har stemmerett på eit årsmøte eller eit ekstraordinært årsmøte bestemmer det, skal Memoar oppløysast.

Intellektuell og / eller økonomisk eigedom som Memoar måtte ha, skal i tilfelle oppløysing overførast til ein institusjon eller organisasjon som vil vidareføre formålet. Dersom to tredeler av dei som har stemmerett på det årsmøtet eller ekstraordinære årsmøtet som måtte vedta oppløysing gjer eit vedtak om ei slik overføring av eigedom, gjeld det. Er det ikkje to tredels fleirtal, skal intellektuell og økonomisk eigedom overførast til Bergen Byarkiv.

10. Endring av desse vedtektene kan berre gjerast av eit lovleg innkalt årsmøte. Endringar kan gjerast med alminneleg fleirtal, bortsett frå eventuelt vedtak om oppløysing, som krevjer to tredels fleirtal.

Vedtatt påstiftingsmøte 2/7-2015. Revidert på årsmøte 18/3 2021.  

Protokollmerknad: Årsmøtet 2021 påla det nye styret å utforme ein instruks til framtidige valnemnder om at framtidige styrer bør inkludere medlemmer frå frivillig sektor, ABM-sektoren og Universitets/Høgskule/Forskingssektoren. Styret bør også ha kjønnsbalanse, vere  geografisk representativt og spegle mangfaldet i medlemsmassen og befolkinga.”