Dagny Larsen

Publiseringsdato: 27.jan.2020 23:13:00

Dagny Larsen er frå Stabbursnes i Porsanger. Der har ho budd sidan ho vart fødd i 1936 - bortsett frå eit år då ho var flyktning i Finland. Det var dit familien kom seg unna etter at dei hadde rømt frå tvangsevakueringa hausten 1944. Dei gøymde seg fyrst oppe i Stabbursdalen, men vart oppdaga av norske spionar i tysk teneste. Før dei vart henta, klarte dei å kome seg unna og over grensa til Finland. Alt sekstende mai 1945 kom dei tilbake. Det fyrste huset bygde dei opp att med rekved frå fjorden. Ein stor gamme tente som fjøs og stall den fyrste vinteren.Dagny begynte på skule då ho var tolv år gamal, og reknar at ho totalt har fått tre års skulegang.

Ho har alltid halde på sin samiske identitet, også i dei åra då det var rekna som ei skam å vere same. Ho sydde si fyrste kofte då ho var tolv, og opp gjennom åra har ho sydd kofter til sine seks barn og alle sine barnebarn .

I dette intervjuet frå januar 2020 fortel ho om barndom og oppvekst og vaksenliv i og rundt Stabbursnes og i Porsanger. Ho fortel om evakuering og etterkrigstid, handverk, jakt, fiske og sanking.

Ho har i alle år vore ei aktiv og utadvendt dame - det er gode grunnartil at ho har blitt kalla "Dronninga av Stabbursdalen. "Ein einaste gong bestemte eg meg for å reise ut i verda. Eg skulle sykla. Men på brua over Stabburselva kolliderte eg med ein gut, slik at forhjulet hans blei slått skeivt. Eg måtte hjelpa han heim med den øydelagte sykkelen -og der blei eg verande...."

Intervjuarar er Svanhild Andersen og Barbro Matre.

Opptaket er ein del av prosjektet Munnleg historie for alle.

Intervju med Dagny Larsen og Edmund Johansen.