Bo Ragnar Krisping

Bo Ragnar Krisping er opphavleg frå Helsingborg i Sverige, men har budd i Noreg sidan 1974. Han starta sin karriære som sjømann allereie 15 år gammal i 1955, som byssegut på tankbåt. Han reiste verda rundt på forskjellige båtar og opplevde alt frå kroksvingande sjauarar i Aleksandria, klammeri med nederlandsk politi og sure kapteinar, til atlanterhavstormar og kakerlakkinfiserte dampskip. På eit tidspunkt fann han ut at han heller ville bli snekker, og praktiserte det yrket i 16 år, før han igjen segla ein kort periode med ein sandbåt og ein hydrofoil. Etter dette slo han seg ned i Bergen som vaktmeister på pensjonat, før han endte sin karriære etter 36 år i Byggmontering/Akusto.


Bo Ragnar Krisping