Olav Vindedal
Olav Vindedal sigla som telegrafist i fem år før han begynte på mannskapskontoret hos Hilmar Reksten i 1962. Der avanserte han etter kvart til personaldirektør. Han var med Reksten til topps, gjennom katastrofen i 1975 og fram til slutten.
Dette opptaket er frå Bergens Sjøfartsmuseum 8. mai 2016. Han startar med å fortelje om krigen, som sette djupe spor i minnet hans, sjølv om han enno ikkje var blitt fire år i april 1940. 16 år gammal fekk han fyrste kontakt med handelsflåten gjennom Samvirkelaget i Årdal. Dei konkurrerte hardt med den andre butikken i bygda om å levere til båtane som kom med oksid til aluminiumsverket. I 1955 begynte han på Telegrafistskuleni Bergen, utan ein dags fartstid. Fyrste båt vart MS "Heina" (Mowinckels rederi) som gjekk i linjefart på Europa og USA. Han fortel om telegrafisten sitt arbeid og teknologi på 1950-talet - og om krigsseglarar han arbeidde saman med.
Vindedal si tid som "ekte sjømann" varte berre i fem år. Så har han desto lengre erfaring frå rederisida på land. Han tok til på mannskapskontoret i Rekstens rederi i 1962, og avanserte etter kvart til personaldirektør. Han arbeidde under Hilmar Reksten då alt peikte oppover, gjennom "katastrofen" i 1975-76 og heilt fram til reiaren gjekk bort i 1980. På slutten av Reksten sitt liv arbeidde dei to nært saman - ikkje med sjøfart, men med å gjere klar kunstsamlinga hans for ettertida. Han fortel også om heimkjøpet av "Statråd Lemkuhl" - og historia om spleisebrødet.
Intervjuar er Bjørn Enes frå Memoar.
Stikkord frå forteljinga:
April 1940
Mai 1945
Skipshandel i Årdal
Telegrafistskulen i Bergen
Morsesignal
MS "Heina"
Cosmopolitan Line
New York 1956
"...sånt snakkar me ikkje med..."
Kontakt med andre skip
Kortbøløgen
Kallesignal
Antwerpenseglarane
Behandlinga av krigsseglarane
Krigsseglar 1 - Ein skipper hos Reksten
Krigsseglar 2 - Ein elektrikar
Krigsseglar 3 - Ein kokk
Krigsseglar 4 - Ein maskinsjef
Krigsseglar 5 - Ein pumpemann
Hilmar Reksten og krigsseglarane
I land i 1962
Mannskapskontoret hos Reksten
Nybyggingprogram
T/T "Valentinian"
"..turbin or not turbin.."
Supertankarar
Mannskapsmangel
Faste tilsetjingar
"..men jeg vil ikke vite om det.."
Befraktningspolitikk
Mannskapspolitikk
Fascinerande person
Keisarane
Vaks opp på Nordnes
Reksten - 1940
Nortraship
Reksten - 1945
M/T "Julian"
Rekstenflåten i 1962
"..ein fjern sjef.."
Handverk og kunst
Kunstsamlinga
1973 - fraktratenepå topp
1975 - Katastrofen
Garantiinstituttet
1976 - Reksten sett utanfor
Overkontrahering
1975 - 80: Nedbemanning
Mannskapspolitikk
Teknologi og organisasjon
Kurs og vidareutdanning
Rasjonalisering
"Multi-purpose crew"
"Rasjonaliseringskaptein"
Likebehandling
Suksess avhang av dyktige folk
Rekstensamlinga
Spleisebrødet
Om sjøfartshistoria
UNI-stiftelsen