Pål Strand - Sjøfart - Memoar
Sjøfartsmuseet i Bergen den 17. januar 2016, med publikum til stade. Intervjuar Bjørn Enes. Paal Strand reiste til sjøs 15 år gammal i 1961, og blei verande sjømann heilt til 2006.
Han seilte både på dekk og i maskin, som dekksgutt, motormann, maskinassistent, båtsmann og matros I 1984 gjekk han over til innanriks fart som arbeidsleiar i ferjerederiet Askøy Bergen, noverande Fjord Line. Han fekk verkeleggjort gutedraumen om å sjå verda. Men han fekk og innsyn i dei mørke sidene ved sjømannslivet - ikkje minst kva slag arr som tyske torpedoar hadde brent inn i sinnet til skipskameratar som hadde vore krigsseglarar.Han fekk oppleve gullalderen i norsk skipsfart - og på godt og vondt fekk han oppleve endringane utover 1970-talet. På den eine sida vart det mogleg å invitere alle ombord - mannskap, offiserar og passasjerar - til grillfest på akterdekket. På den andre sida vart bemanninga bygd så ned at det i vere sjømann vart eit einsamt yrke.
Han fann kjærleiken i SørAmerika - "Frieriet kosta 110 dollar i telefonrekning" - og budde i mange år i Columbia. Men sist vart det så langt mellom hyrene i utanriksfarten at han tok med seg familien heim til Fana - og begynte på Askøyferja.
Stikkord i forteljinga:
Reiselyst
1961: TT "Frosta"
Mannskapet
Ein nydeleg båt
Speidar og Dræggegut
Fyrste bakkstørn
Standby
Utkikk
Algeriekrigen
Japan 1961
Musikk
Suez
Rortørn
Nr.1 på dansen i Fana
Som eit virus i kroppen
MS Trajan
Basra 1963
Nysgjerrigheit
Japan 1979
Synet på sjøfolk
Tatovering
Tatovering i dag
Hamnebyar
Containerrevolusjonen
Byssegut
Maskingut
Kjelesjau
Spylebelte
Doxfordmaskin
MS "Villanger"
Gøtaverken
MS "Utsira"
Maskinutvikling
Stempelsjau
"Maskinvirus" ôg.
- "ei sjel og ei skjorte....."
MS "Fauskanger"
Bygge ned skilene
Krigsseglaren "Billy"
Kvinnene ombord
Psykisk
Einsemd
Kjærleiken
Santa Marta, Columbia
Arrestert i New York
Flytta heim i 1976