Bli med på Memoarkonferansen 2026
Journalisten Bjørn Karsrud fortel om eit liv prega av mykje flytting, heilt frå tidleg alder. I løpet av denne tida har han ofte teke i bruk dialektar frå fleire ulike stader, men talemålet er i dag mest prega av toten- og valdresmål. Den same typen tilpassing gjorde seg gjeldande i forholdet mellom nynorsk og bokmål: avhengig av kvar han budde til ei kvar tid, skifte han målform.
Han arbeidde i Norsk Målungdom i studietida, med dialektarbeid som hovudfokus. Etter ein ungdomstid sterkt prega av organisasjonsarbeid i målrørsla vart han til slutt journalist, først i avisa Dag og Tid, seinare i Avisa Valdres. Av seinare engasjement vert arbeidet med Nye Valdresbanen nemnt, der han mellom anna kom i konflikt med Samferdselsdepartementet. Avslutningsvis blir skulerøystingane i Valdres, knytte til målform, også nemnde.
0:00:00 – Om forteljaren og bakgrunnen hans
0:01:58 – Dialekten, «hybridspråket»
0:03:10 – Overgangen til nynorsk, skifte av språk og identitet
0:05:22 – Om å leggje om talemålet
0:06:40 – Etter grunnskulen, «jernbanestasjonen i øydemarka»
0:10:10 – Attende til barndomsbygda Toten – tilbake til bokmål?
0:11:37 – Folkehøgskulen i Valdres, «Dag og Tid»
0:13:33 – Engasjement i målrørsla i ung alder
0:13:47 – Realskulen i Valdres og Gjøvik gymnas
0:16:18 – Universitetet i Oslo
0:17:16 – Frå friidrettsgruppa BUL til Noregs Mållag
0:19:20 – Dialektarbeid i Norsk Målungdom
0:21:01 – Indre strid i Norsk Målungdom
0:22:57 – Dialektbølgja og det folkelege
0:25:30 – Flygebladutdeling på oppdrag frå Studentmållaget
0:27:19 – Norsk Målungdom – organisasjonsarbeid
0:30:03 – Journalistikk, attende til «Dag og Tid»
0:31:07 – Arbeid for Statens informasjonsteneste og i Samferdselsdepartementet
0:34:07 – Skriftspråk i statsadministrasjonen
0:35:50 – Gift inn i ei målfamilie og attende til dalføret
0:38:48 – Om forteljaren si kone
0:40:40 – Avisa Valdres
0:45:13 – Tilsetjinga i Avisa Valdres – sport
0:47:50 – Attende til Leira, Valdres
0:50:03 – Første oppdrag for avisa Valdres
0:52:21 – Den første redaktøren
0:53:32 – Det lokale mållaget, samt andre føretak
0:55:23 – Fagernes flyplass, Leirin – og valdresbanen sin død
0:57:53 – «Nye Valdresbanen», samt saka mot Samferdselsdepartementet
1:02:27 – Anna fritidssysle – både for forteljaren og kona
1:07:15 – Jernbanemotstandaren (og målmannen) Kjell Opseth
1:12:38 – Målstriden i Valdres
1:17:46 – Røysting nr. 2, skulesamanslåinga
1:21:28 – «Kampsone for nynorsken» – røysting overprøvd av kommunestyret
1:24:03 – Mållaget si rolle i nynorsken si nedgangstid
1:25:39 – Kvitvella Forlag, samarbeid med bygdeinstitusjonar
1:28:55 – «Dialekt av hjartans lyst»
1:33:44 – Interesse for valdresdialekten og anna språkinteresse
1:36:59 – Vinjerock, bygdestoltheit og vikande front for nynorsken
1:39:47 – «Kjem valdresdialekten til å døy?»
1:41:18 – Motstrøymingar til dialekten (og nynorsken) sin død
1:46:28 – Folke-revival og konserveringsarbeid – kva med språket?