Bli med på Memoarkonferansen 2026
Geir er frå Vang i Valdres. Han er tidlegare langrennstrenar for landslaget og driv i dag treningsopplegget «Topptrent», retta mot enkeltpersonar. I tillegg er han bonde i bygda. Geir fortel at han voks opp utan ein markant dialekt, noko som òg prega skulekameratane og omgangskrinsen hans. Han peikar på eit tilsvarande mønster hjå sine eigne barn. I forteljinga gjev han uttrykk for sterk tilknyting til bygda, og avviser førestellingar om mangel på fritidstilbod som noko han ikkje kjenner seg att i.
0:00:00 – Om forteljaren
0:01:52 – Oppvekst på gard, skulegang
0:04:15 – Nynorsk på barneskulen – «få som snakka dialekt»
0:04:53 – Tala ikkje dialekt som barn
0:06:43 – Nedgangstider for dialekten – «det går i bølgjedalar»
0:08:24 – Dialekten ligg i botnen
0:09:41 – Dialektbruk på yrkesfag – og utanfor?
0:11:20 – Langrennstreninga – «teke med arbeidet heim»
0:13:03 – Bondeyrket, dyrehald
0:14:23 – Understraumen – «Valdres er kult»
0:16:39 – Komplimenterer yrka kvarandre?
0:19:07 – Ting å gjere i Valdres – betre no enn før?
0:21:22 – Langrenn i bygda, forteljaren si historie
0:25:02 – Dialekt innad idrettsmiljøa – «dialekten gir noko litt ekstra»
0:28:45 – Å bygge ein profil ut av idrettsutøvarar – representasjonen sin rolle for dialekten
0:30:20 – Nynorskbruk frå generasjon til generasjon